Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Har fordelt 1 million til kulturminne og kulturmiljø

Kontaktpersonar

Arve  Nytun Arve Nytun
Arkeolog/Rådgivar
71 28 03 25 /
Mob. +4795707431
Send e-post
Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Dokument

Har fordelt 1 million til kulturminne og kulturmiljø

I dag fordelte kultur- og folkehelseutvalet ut tilskot på til saman 1 million kroner til prosjekt frå heile fylket. Til saman har det kome inn 15 søknadar der 11 har fått tilskot.

Busstasjonen på Surnadalsøra har fått støtte. 

Fylkeskommunen ønsker med dette å støtte opp om gode initiativ og bidra til at vesentlege delar av kulturarven vår blir teke i vare for ettertida.

Busstasjonsbygninga på Surnadalsøra

Busstasjonsbygninga på Surnadalsøra er eit av prosjekta som har fått tilskot på Nordmøre. Det er Surnadal billag som tek i mot midlane, som er eit beløp på 100 000 kroner. Stasjonsbygninga skal settast i stand og bli bygd om til nye kulturformål.

Rønneberghuset Larsnes

Eit av prosjekta som ha fått tilskot på 100 000 kroner er Rønneberghuset på Larsnes i Sande kommune. Huset er i privat eige, og det er planlagt å behalde huset i original prakt, både utvendig og innvendig. Eit bustadhus frå før bybrannen i Molovegen 11 i Ålesund har også fått stønad på 140 000 kroner. Huset er av stor nasjonal verdi.

Natursteinnaustet på Syltevorpa

Fræna sogelag er ein av dei som har fått tilskot. Dei har fått tilskot på 100 000 kroner til eit naust på Syltevorpa med veggar i natursteinmur. Naustet er vurdert til å ha høg lokal verdi og ligg også i den kommunale kulturminneplanen til Fræna kommune.

Bilde av Rønneberghuset på Larsnes i Sande kommune

Rønneberghuset. Foto: Toril Moltubakk

 

Bilde av naust på Syltevorpa

Naustet på Syltevorpa. Foto: Håkon Tofte, Romsdalsmuseet