Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Har fordelt ein halv million i driftstilskot

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Har fordelt ein halv million i driftstilskot

Fylkeskultursjefen har fordelt 512 000 kroner til 1-årig driftstilskot for 2017. Driftstilskot gjeld mindre regionale frivillige organisasjonar, eller organisasjonar som har eit større regionalt nedslagsfelt.

Skjærvafest i Kristiansund får 50 000 i driftstilskot

Foto: skjervafest.no

Vi mottok 28 søknader med ein samla søknadssum på 1,8 mill. kroner. Ramme til fordeling var 400 000 kroner, men pga mange gode kvalifiserte søknader vart ramma utvida til 512 000 kroner, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Totalt har Møre og Romsdal fylkeskommune fordelt over 67 millionar kroner i driftstilskot til over 100 regionale organisasjonar og institusjonar i 2017.

Søker Innvilga
Sunnmøre historielag 10 000
Sunnmøre ungdomssymfoniorkester 15 000
Fosskonserten, Halsa historielag 25 000
Molde tamilsk kunst og kultur organisasjon 10 000
Skjærvafestivalen AS, Kristiansund 50 000
Norilco Sunnmøre 5 000
Nordmøre og Romsdal KFUK-KFUM speidere 5 000
Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre 10 000
Sunnmøre kammermusikkfestival 30 000
Annai Poopathi Tamlisk kultur sendter avd. Molde 10 000
Spenningskurset, aktivitetsveke på Bjorli for gruppe med spesielle behov. Tilbodet gjeld alle kommunane i Møre og Romsdal 109 000
Dysleksi Nordmøre 3 000
Compassion 2Dance Company, Sunndal 30 000
Norsk touretteforening, Møre og Romsdal fylkeslag 5 000
Stiftelsen Midtnorsk Jazzsenter 130 000
Kong Arthurspelet, Sande 30 000
Naturfestivalen, Søre Sunnmøre 35 000
  512 000