Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Kickoff skal bidra til auka merksemd for UKM

Kickoff skal bidra til auka merksemd for UKM

Ungdommens kulturmønstring (UKM) arrangerte Kickoff i Møre og Romsdal siste helga i november. 

Kickoff 2016 er med å sette søkelyset på UKM

I overkant av 30 ungdommar var med på å gjennomføre ein konsert med tre forskjellige band og fullt opplegg med fleirkamera.

Her fekk lokale utøvarar prøvd seg på scena. Medie-teamet produserte reklamefilm for arrangementet og lærte mykje om å jobbe under tidspress. 

UKM Kickoff er gjennomført med støtte av fylkeskommunen og Møre og Romsdal musikkråd.  Målet med samlinga er sette søkelyset på UKM, og på å ivareta mang av ungdommane som ønsker og aktivt bidra gjennom heile året. 

I februar og mars 2017  blir det arrangert lokalmønstringar over heile fylket. Her blir deltakarar valt ut til å delta på fylkesmønstringa som skal vere i Midsundhallen fredag 31.mars til søndag 2. april.

Les meir om UKM der du bor her: ukm.no/moreogromsdal