Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Korleis er det å bli eldre i Norge?

Kontaktpersonar

Jon Skarvøy
Folkevalgt
Send e-post
Paula Næss Skår Paula Næss Skår
rådgivar
71 28 03 03
Send e-post

Dokument

Korleis er det å bli eldre i Norge?

Korleis er det å bli eldre i Noreg i dag, og korleis vil det vere dei neste 20 åra? Dette er tema på  landskonferansen for fylkeskommunale eldreråd, der Møre og Romsdal fylkeskommune ved fylkeseldrerådet er arrangør.  

Rundt 90 deltakarar vil vere samla i Ålesund på Scandic Parken hotell måndag 22. til  onsdag 24. mai. Alle fylkeskommunane i landet er representert.

Det digitale samfunnet 

-Konferansen startar med byvandring i Ålesund, slik at deltakarane kan få ein smakebit av historia vår og det vakre fylket vårt, seier leiar i fylkeseldrerådet Jon Skarvøy. Fylkeseldrerådet i Møre og Romsdal har bestilt ein rapport frå kartlegging av rammene for arbeidet i dei kommunale eldreråda i Møre og Romsdal. Kartlegginga blei gjennomført i månadsskiftet april/ mai 2017, og resultata blir presentert under konferansen. –Konferansen skal også sjå kva for konsekvensar det digitale samfunnet kan få for eldre, seier Skarvøy. -Vi har lukkast med å utarbeide eit allsidig program som vi trur vil treffe alle. Vi gledar oss til tre dagar med kunnskapsdeling, nettverksbygging og dialog med andre fylke, seier Skarvøy.

Korleis møter kommunane eldreveksten?

-Konferansen har eit aktuelt og spennande program, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Folkehelseinstituttet er opptatt av kva forskinga seier om korleis dei eldre klarar seg i kvardagen. Kommunens sentralforbund sett vidare søkelyset på korleis kommunane kan møte eldreveksten i kommunane. – Ikkje minst er det gledeleg sjå at konferansen ønsker å sette eldre som ressurs og frivillig verksemder, på dagsorden, seier Wedlog Olsen.

Kontaktpersonar:
Jon Skarvøy, leiar eldrerådet i Møre og Romsdal, mob. 924 04 219
Paula Næss Skår, rådgivar, mob. 922 50 303