Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > No kan du søke kunstnarstipend

Kontaktpersonar

Hanne Brakstad Hanne Brakstad
rådgivar
71 28 03 21 /
Mob. 922 87 766
Send e-post
Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Dokument

No kan du søke kunstnarstipend

Er du profesjonell kunstnar som er busett i Møre og Romsdal? Då kan du søke kunstnarstipend. Søknadsfristen er 1. juni 2017. 

Her frå utdelinga av kunstnarstipend 2016. Stipendmottakarane saman med kultur- og folkehelseutvalet.

19. april vedtok kultur- og folkehelseutvalet nye stauttar for Kunstnarstipendet. Søknadsskjemaet er no opna for å ta i mot søknader.

Søknadskjema og meir informasjon finn du her

Ordninga med kunstnarstipend skal:

- Fremje kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og verkar i fylket.
- Stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket.
- Gje kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt.
- Gje kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt.