Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > No kan du søke om midlar til akustikk i musikklokale

No kan du søke om midlar til akustikk i musikklokale

På oppdrag frå fylkeskommunen lyser Møre og Romsdal musikkråd ut midlar til å måle og eventuelt utbedre akustikken i musikklokale. Søknadsfristen er 28. juni og 1. september 2017.

Møre og Romsdal fylkeskommune og Møre og Romsdal musikkråd ønsker å sette fokus på akustikk i musikklokale gjennom eit prosjekt i samarbeid med kommunane i fylket. Norsk musikkråd har utvikla ei kommunerettleiing for registrering, vurdering og utbedring av lydforhold i lokale som blir brukt til musikkutøving. Møre og Romsdal musikkråd har kompetanse og utstyr for å foreta akustikkmålingar.

Prosjektet kan gi:

  • subsidierte målingar av akustikk utført av Møre og Romsdal musikkråd.
  • rådgiving knytt til vidare framdrift og planlegging av utbetring.
  • subsidierte tenester frå fagakustikar for prosjektering av eventeuell utbetring.
  • rådgiving i samanheng med søknad til Musikkutstyrsordninga (søknadsfrist 1. mars/ 1. sept.) eller andre ordningar. 

Les meir om korleis du søker og kva som er forventa av kommunane som søker på nettsidene til Møre og Romsdal musikkråd