Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Ny høyring - freding av Sjøholt hotell

Kontaktpersonar

Frida Berg Frida Berg
Rådgivar
71 28 03 28 /
Mob. 957 30 885
Send e-post
Bjørn Ringstad Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 28 04 39 /
Mob. 414 58 971
Send e-post

Dokument

Fredingsforslag - Sjøholt hotell
PDF-dokument - 191,26 kB

Ny høyring - freding av Sjøholt hotell

Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår å frede Sjøholt hotell og tilgrensande område i Ørskog kommune.

Fredinga er heimla i kulturminneloven (kml) §§ 15 og 19, jf. § 22. Fredinga omfattar gnr. 97, bnr. 58, 335 og 150.

Fredingssaka var på høyring i 2015, men blir no også annonsert i Norsk Lysningsblad og sendt til relevante parter. Dersom du har sendt merknader til saka tidligare, er det ikkje naudsynt å sende desse på nytt.  

Fredingsforslaget etter kml § 15 omfattar bygningen sitt eksteriør, og interiøret i 2. og 3. etasje. Eit område rundt bygningen blir foreslått freda etter kml § 19.

I margen til høgre finn du forslag til freding og dokumentasjonsvedlegg. Desse viser omfanget og føremålet med fredinga. Dersom du har spørsmål, kontakt kulturavdelinga ved Frida Berg tlf. 71 28 03 28 eller seksjonssjef Bjørn Ringstad på tlf. 71 28 04 39.

Merknader kan sendast elektronisk ved å trykke på denne linken. Merknader kan også sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune v/kulturavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde, eller på e-post til post@mrfylke.no innan 16. juli 2017.

Alle svar skal vere skriftlege. Merk gjerne merknaden med «Freding av Sjøholt hotell».