Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Nye retningslinjer for Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Dokument

Retningslinjer for Fylkeskulturprisen
PDF-dokument - 255,68 kB

Nye retningslinjer for Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal

Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal skal delast ut for 44. gong i 2017. Prisen vart etablert i 1973, og innretninga og vilkår har vore dei same i alle år.  

Utdeling av fylkeskulturprisen 2015

Arne Tunheim mottok Fylkeskulturprisen i 2015

- Tida var no inne for å gjere justeringar i retningslinjene. Vi har rydda i struktur, gjort retningslinjene meir oversiktelege, gjort språket klarare og tatt inn nye vilkår, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Dei nye retningslinjene vart vedteke av Kultur- og folkehelseutvalet 7. juni 2017,  og formålet er å «heidre stor innsats for kulturlivet i fylket». Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket. Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar:

  • som høyrer heime i fylket
  • som har sterk tilknyting til fylket
  • som viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • som har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Prisen er på 50 000 kroner og eit diplom.
Alle kan kome med forslag på kandidatar. Alle forslag skal skrifteleg grunngjevast av forslagsstillar.

Elektronisk skjema  er tilgjengeleg på www.mrfylke.no/fylkeskulturprisen

Fristen for å sende inn forslag er 15. oktober.