Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Nye seksjonsleiarar ved kulturavdelinga

Nye seksjonsleiarar ved kulturavdelinga

Kulturavdelinga har tilsett to nye seksjonsleiarar. Rigmor Hustad Holen (47) er ny leiar for seksjon folkehelse og fysisk aktivitet. Ragnhild Holsvik (57) er ny leiar for kulturformidlingsseksjonen. 

Ragnhild Holsvik og Rigmor Hustad Holen er nye seksjonsleiarar ved kulturavdelinga.

Holen kjem frå Bud i Fræna og starta i stillinga 1. februar. Ho har ein Master i business frå BI, og ho har tidlegare arbeidd som sjølvstendig næringsdrivande, driftssjef og bedriftsrådgivar. Holen kom til fylkeskommunen frå stillinga som dagleg leiar i Bud IL, og er no seksjonsleiar for seksjonen folkehelse og fysisk aktivitet. Seksjonen arbeider mellom anna med fordeling av spelemidlar, friluftsliv og god helse. 

1. juni starta Ragnhild Holsviki stillinga som seksjonsleiar for kulturformidling. Seksjonen har ansvar for mellom anna kultursekken  og møremusikarordninga. Holsvik kjem opphaveleg frå Syvde i Vanylven. Ho har utdanning innanfor musikk, som barnehagelærar og innanfor økonomi og administrasjon. Holsvik har tidlegare arbeidd i kulturskole, som dagleg leiar i barnehage og i kulturetaten i kommunane Vanylven og Molde. Ho har hatt Molde kommune som arbeidsstad sidan 2001, og kjem no frå stillinga som kvalitetssjef.