Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Over 1,7 millionar til viktige kulturminne i verdsarvområdet

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Over 1,7 millionar til viktige kulturminne i verdsarvområdet

Kultur- og folkehelseutvalet  har fordelt i alt 1 780 000 kroner til fire gode prosjekt i verdsarvområdet. 

Stabburet ved Norsk Fjordsenter har fått 280 000 kroner i støtte. Foto: Norsk Fjordsenter

Alle dei fire prosjekta er kulturminne som det er viktig å bevare for ettertida. -Verdien ligg både i bygningane i seg sjølv, historia som dei ber med seg, og dei heilskaplege kulturmiljøa som dei enkelte husa er delar av, seier Helge Aarset i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Desse prosjekta har fått støtte:

Ola- Løa i Gjørvatunet

Ola-løa i klyngetunet på Gjørva i Geiranger er ei særs gamal og interessant bygning i eit verdifullt bygningsmiljø. Prosjektet er sett i gang tidlegare med grunnlag i tilskot i 2015 og 2016. Med løyving på 480 000 kroner i år, kan arbeidet blir fullført.

Stabburet ved Norsk Fjordsenter

Stiftinga Geirangerfjord verdsarv får med tilskot på 280 000 kroner høve til å sette i stand det gamle stabburet sitt ved Norsk Fjordsenter. Stabburet har stått på skade med prekære behov for tiltak. Stiftinga ønsker å bruke bygninga i formidlinga si.

Våningshuset på Midtgard

Oaldsbygda er eit unikt bygdemiljø i verdsarvområdet med mykje bygningsmasse. Våningshuset på Midtgard, ei av gardane i bygda, kan settast i stand med tilskot gitt i 2016 og 190 000 kroner i tilskot no i 2017.

Våningshuset på Litlesetra

Storfjordens Venner sitt neste store prosjekt er istandsetting av våningshuset på Litlesetra på Åkerneset. Foreininga har tidlegare organisert og gjennomført prosjekta på Me-Åkneset og Ytste-Åkneset. Tilskotet i år på 830 000 kroner, vil finansiere ein stor del av dette prosjektet som langt på veg vil komplettere miljøet på Åkerneset. 

Bilde av våningshuset på Midtgard i Oaldsbygda

Våningshuset på Midtgard i Oaldsbygda har fått 190 000 kroner i tilskot
Foto: Svein Runde

Bilde av våningshuset på Litlsetra

Våningshuset på Litlsetra har fått tilskot på 830 000 kroner. Foto: Storfjorden venner

Bilde av Ola- Løa i Gjørvatundet

Ola-løa har fått 480 000 kroner i tilskot. Foto: Peter Brennvik