Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Rekordmange søkte om prosjektilskott

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Hilde Hernes Hovland Hilde Hernes Hovland
Kontorsjef
71 28 03 01 /
Mob. 932 32 914
Send e-post

Rekordmange søkte om prosjektilskott

Fylkeskultursjefen har fordelt prosjekttilskot til frivillige verksemder for 1. halvår. Kulturavdelinga mottok totalt 76 søknader med ein samla søknadssum på ca 4 millionar kroner. Prosjekttilskot blir fordelt to gongar i året.

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen seier det er eit stort engasjement og mykje god aktivitet rundt om i fylket.

Neste fordeling er på hausten med søknadsfrist 1. september 2017.

- Vi har aldri mottatt så mange søknader på denne tilskotsordninga, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Det er god spreiing på søknadane, både geografisk og på tiltak. Dette fortel om eit stort engasjement og mykje god aktivitet rundt om i fylket, fortsett Wedlog Olsen.

Formålet med ordninga er å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.  –Total ramme til fordeling var på 500 000 kroner. Vi  har prioritert tiltak som er utviklingsorientert, har overføringsverdi og har eit regionalt nedslagsfelt, seier fylkeskultursjefen.

Tilskota er fordelt slik:

     
  Tiltak: Innvilga:
 NaKuHel Gjerdsvika/Actaea Stage Productions Kunststi i Gjerdsvika som eit lågterskel kunst- og
 folkehelsetiltak
32 000
Gunn Nordheim Morstøl "Kunst i natur 2017". 20 000
Møre og Romsdal idrettskrets  "Med mot til å bokse". Samarbeidsprosjekt mellom Moldekameratene Bokseklubb og Møre og Romsdal idrettskrets for personer med Parkinsons sykdom i Romsdalregionen. 44 000
Smøla Nærings- og Kultursenter KF Siste etappe på kystpilegrimsleia frå Kristiansund til Trondheim. 50 000
Indiefjord 2017 Indiefjord-festivalen som vert arrangert på Bjørke i Hjørundfjorden  i helga 15.-16. juli, 2017. 20 000
Samvirke SA - Smøla kommune Prosjektet HAV. Samvirke SA inviterer ein forfattar, forskar, billedkunstnar, matkunstnar og installasjon-/lydkunstnar til å behandle temaet HAV. 30 000
4H Møre og Romsdal Vidareutvikle fylkesleiren 2017 som blir arrangert i Vikebukt 29. juni til 2. juli. God fysisk og psykisk helse skal bli endå meir framtredande i leiren 10 000
Foreningen Kulturhuset Dragen "Fargespill Ålesund", eit kunstnerisk prosjekt som engasjerer 80 barn og ungdommar frå 20-25 nasjonar. Musikalsk forestilling den 27. september i Ålesund som opning av Høstscena 2017 saman med Brazz Brothers. 40 000
Tahitifestivalen i Kristiansund c/o Dødeladen AS Barnas dag under Tahitifestivalen 2017. 20 000
Pilegrimssenter Dovrefjell Utgiving av guidebok for pilgrimsleden frå Valldal til Fokstugu. 25 000
Senter mot incest og seksuelle overgrep i Møre og Romsdal (SMISO MR) Prosjektet "Idretten i Møre og Romsdal", eit samarbeidsprosjekt mellom Smiso MR og Møre og Romsdal Idrettskrets.  Skal gjennomføre undervisning, kunnskap og kompetansedeling om seksuelle overgrep. 40 000
Molde og Omegn IF - skiskyting Landsdelmeisterskapet i skiskyting 2017 på Skaret i Molde. 20 000
Norsk Revmatikerforbund Møre og Romsdal fylkeslag Generasjonstreffet "Den yngre generasjon og vi vaksne": Korleis kan dei eldre lære av dei yngre og korleis kan ein rekruttere dei unge.  10 000
BYRG Kompetanse - attføringsbedrift som arbeider med mennesker som har behov for ein
 tilrettelagt arbeidsplass
BYRG Kompetanse er ei . Etter sommerferien ønsker dei å starte eit  kunstprosjekt saman med minst ti av deltakarane, som skal resultere i ei ekte og seriøs kunstutstilling. Målet er å videreutvikle kreativiteten blant deltakarane, å gi dei stolthet og meistringsevne 50 000
Geir Liavåg Strand Utgiving av boka "Johan von Cappelen, prost i Ulstein 1750-1792". 5 000
Stiftelsen Framnæs Kulturaktiviteter i jubileumsåret 2017. Fartøyet "Framnæs" er 100 år i år. 25 000
Ove Arild Orvik Prosjektet "KYSTSPRÅK". Prosjektet er meint å vere ei undersøking av ord og uttrykk knytta til kyst, hav, fiskeri,mat og vær i tre regionar i to ulike land; Ytre Romsdal, Vesterålen og Eskifjord på Aust- Island. 10 000
Spelemannslaget Havella Fylkeskappleik 2017 -  25.-26. mars i Fosnavåg. 15 000
Den norske Dokumentarfilmfestivalen Den norske dokumentarfilmfestivalen 2017 - 26.-30.april i Volda. 20 000
    486 000