Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Seks kommunar har fått støtte til kulturminneplan

Kontaktpersonar

Siv Aksdal
Rådgivar kulturvern
71 25 88 47
Send e-post
Toril Moltubakk Toril Moltubakk
Rådgivar kulturvern
71 28 03 37
Send e-post

Seks kommunar har fått støtte til kulturminneplan

Alle dei seks kommunane, Ørskog, Haram, Sykkylven, Kristiansund, Rindal og Tingvoll, som sendte inn søknad om tilskot til å utarbeide kulturminneplan i kommunen, fekk 100 000 kroner kvar frå Riksantikvaren.  

Gjemnes kommune er ein av kommunane som er i sluttfasen med kulturminneplanen. 

–I Møre og Romsdal er det no 33 av 36 kommuner som har fått tilskot til å starte arbeidet med kulturminneplan i kommunen, seier Siv Aksdal rådgivar kulturvern i fylkeskommunen.

Fem kommunar er ferdige med planen. Dette er Norddal, Skodje, Sunndal, Giske, Aukra og Eide. I tillegg er kommunane Sande, Hareid og Gjemnes i sluttfasen.

–No er det berre  Averøy , Sandøy og Ålesund som ikkje har søkt om tilskot, og som ikkje har prioritert igangsetting.  Vi håpar at desse også kjem på banen snart, seier Aksdal.

Målsettinga til Riksantikvaren er at 90 prosent av kommunane i landet skal ha ein kulturminneplan innan 2020, og Møre og Romsdal er på god veg i å bidra at målet blir nådd. Målet med å få utarbeidd planar i kvar kommune, er å styrke kompetansen på lokal kulturarv og bidra til at kommunane tar aktivt grep for vern og bruk av kulturminne og kulturmiljø. Med ein kulturminneplan i kommunen vil ein få ein reiskap som gjer forvaltninga meir effektiv og føreseieleg. Område som er registrert som regionalt, nasjonalt eller lokalt viktige kulturminne vil også bli prioritert ved tildelinga av tilskot frå kulturminnefondet og fylkeskommunen.