Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Styrkar satsinga på frivillig innsats og inkludering

Kontaktpersonar

Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post
Carina Stokke Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 /
Mob. 482 62 671
Send e-post

Styrkar satsinga på frivillig innsats og inkludering

I forslag til Handlingsprogram kultur 2017 foreslår fylkesrådmannen å styrke satsinga på frivillig sektor og betydninga den har for integrering og inkludering.  Dette skal bli gjort både gjennom utviklingsprosjekt og tilskot. 

Korleis kan bibliotekrommet bli ein inkluderande møteplass? Her frå foredragsserien Bysmart, som tilbyr gratis foredrag med aktuelle tema. 

- Frivillig sektor vil vere ein av dei mest sentrale aktørane for vidare regional utvikling i Møre og Romsdal. Møteplassar, nettverk og kompetanse er viktig, og reetablering av regionalt frivilligforum og utlysing av midlar til tre forprosjekt for utvikling og etablering av frivillighus vil vere viktige bidrag for betra rammevilkår, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

 

Vil legge til rette for auka deltaking

- Utjamning av sosiale forskjellar i kulturbruken er viktig. Pilotprosjekta «Kunstverkstad i innføringsklassar» og «UKM Mangfald»,  er eksempel på tiltak som vil legge til rette for auka kompetanse og deltaking i kulturlivet, fortel Wedlog Olsen. - Gjennom arbeid med utvikling av ny kunstpolitikk vil også dei profesjonelle kulturinstitusjonane si rolle i dette arbeidet bli sett nærare på, då dei driv kontinuerleg med publikumsutvikling og rekruttering av nye publikumsgrupper, seier ho vidare.

 

Biblioteka ein viktig møteplass

Biblioteka er ein viktig møteplass og arena for inkludering. I 2017 er det foreslått å støtte moglegheitsstudium for utvikling av bibliotekrommet som ein inkluderande møteplass.

-Både for den enkelte og for lokalsamfunna er det viktig å dra nytte av dei ressursane innbyggarane representerer. Kjenner du tilhøyrigheit og meistring, vil du kunne bidra til utvikling av eige lokalsamfunn, seier fylkeskultursjefen som er glad for at fylkesrådmannen ønsker å styrke denne satsinga. -I september blir fylkeskulturkonferansen arrangert i Ålesund, og då er temaet inkludering og mangfald, avsluttar Wedlog Olsen.

 Handlingsprogrammet for kultur blir behandla i fylkesutvalet førstkommande måndag, og her kan du lese heile saksframlegget