Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Ti bibliotek får arrangementsstøtte

Kontaktpersonar

Annette Elin Koch Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
70 16 22 71 /
Mob. +47 41455913
Send e-post

Ti bibliotek får arrangementsstøtte

Fylkesbiblioteket har tildelt totalt 100 000 kroner til arrangement på ti ulike folkebibliotek i 2017. 

Forfattarbesøk på Smøla folkebibliotek.
Foto: Privat

Som ein del av Handlingsprogram for kultur 2017, har Møre og Romsdal fylkeskommune satt av 200 000 kroner som folkebiblioteka kan søke om.  Formålet med arrangementstøtta er å medverke til å utvikle biblioteka som arena for aktivitet, debatt, foredrag og samtale innan kultur- og samfunnsliv. Ved utgang av søknadsfristen, var det kome inn tolv søknadar, og ti av desse vart innvilga.

Auka aktivitet

Fordelinga av midlane vart gjort etter vedtekne retningslinjer. Prioritering av søknadane skjer med omsyn til geografisk fordeling og type arrangement.  –Moglegheita for å søke arrangementsstøtte har vorte godt motteke, og har medverka til å auke aktiviteten på biblioteka, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch. Det er enda ikkje for seint å få støtte til andre arrangement i år, neste søknadsfrist er 1. september 2017. 

 Desse biblioteka har fått arrangementsstøtte våren 2017:

Bibliotek Arrangement Innvilga
Aure folkebibliotek                .             

«Ville – Våge – Vinne». Bli med Einar Lunde på Dagsrevy-oppdrag.

 

6 000
Giske folkebibliotek

«Avspark sommarles 2017».  Marknadsføring av Sommarles 2017. Forfattar Maria Parr med som inspirator ut til grunnskolane  i kommunen.

 

15 000
Haram folkebibliotek

«Forfattarbesøk Nina Elisabeth Grøntvedt». Lesekampanje i samarbeid med Brattvåg barneskule. 

 

9 000
Kristiansund bibliotek

«KulKultur på biblioteket». Aktivitetstøtte til ulike aktivitetar som t.d. teater, figurbretting, skrivekurs, fortellarstund i veke 31.

 

10 000
Midsund bibliotek

«Bokkafe» I samarbeid med Midsund Frivilligsentral.

 

13 000

Sandøy folkebibliotek

 

 

 

«Hei det er meg!» Forfattarbesøk av Nina

Grøntvedt for 1.-7. trinn. I etterkant eit skrivekurs for born med innleidd rettleiar.

14 000

 Skodje bibliotek

 

 

 

«Forfattarbesøk - Jørn Lier Horst». I samarbeid med Sula bibliotek. 7 000

 Stordal bibliotek

 

«Den gåtefulle vegen til den hemmelege staden».

Teaterframsyning for barn i samarbeid med Stordal frivilligsentral.

 

4 500
Tingvoll bibliotek

«I hovudet på ein tenåring»  foredrag av  Mia

Bôrjessons.  Knytt til Folkehelsedagen på Tingvoll 6.3 og under konseptet Bittelitteraturhuset. I samarbeid med folkehelse- og kulturavdelinga på Tingvoll.

 

15 000
Ørskog folkebibliotek «Fest med sommerles 2017!». Teaterframsyning for alle  som har deltatt på leseaksjonen. 6 500
Bilde av Rauma bibliotek