Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Utkast til museumsplan på høyring

Kontaktpersonar

Frida Berg Frida Berg
Rådgivar
71 28 03 28 /
Mob. 957 30 885
Send e-post
Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

Dokument

Utkast til museumsplan på høyring

Fylkesutvalet vedtok i sak U-44/17  29.05.2017 å leggje planutkastet for regional delplan for museum 2017−2027 på høyring og offentleg ettersyn.

Høyringsfristen er 20. august 2017. 

Fylkeskommunen er ein viktig økonomisk bidragsyter til dei konsoliderte musea i fylket, og planen skal gi retning på fylkeskommunen si rolle og framtidige prioritering og satsing på museumssektoren.

Målet med planen er å styrke musea fagleg. Solide organisasjonar og godt samarbeid, både mellom musea og andre institusjonar på tvers av geografi, er viktige for å styrke det faglege arbeidet. 

Planen er bygd opp etter musea si verksemd knytt til forvalting, forsking og formidling. I desse tre kapitla blir status, moglegheiter og utfordringar skissert. Frivillige er ein viktig ressurs for musea. Utviklingstrekk og vidare arbeid med frivillige er omtalt i eiga kapittel. Det er og sett søkjelys på fylkesdekkande fellestenester og organiseringa av musea.

No ønsker vi å høyre kva museum, kommunar, venneforeiningar, organisasjonar, regionale statsetatar og andre som har interesse av eit godt museumstilbod, meiner om planutkastet.

Høyringssvar kan også sendast pr post til Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde, eller på e-post til post@mrfylke.no.

Det er og høve til å sende inn elektronisk høyringssvar på www.mrfylke.no/medverknad.

Merk gjerne høyringssvaret med "Høyring av regional delplan for museum 2017−2027".

Høyringsfrist: 20. august 2017