Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Utstilling sett søkelys på plastforsøpling

Kontaktpersonar

Annette Elin Koch Annette Elin Koch
Fylkesbiblioteksjef
70 16 22 71 /
Mob. +47 41455913
Send e-post

Utstilling sett søkelys på plastforsøpling

I sommar kan du besøke fleire av biblioteka på Sunnmøre og få med deg utstillinga om marin plastforsøpling. –Utover våren og sommaren skal utstillinga ha vore innom dei fleste av folkebiblioteka på Sunnmøre og nokre bibliotek ved dei vidaregåande skolane, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch frå fylkeskommunen. 

I april var dei første utstillingane på plass på nokre folkebibliotek på Sunnmøre.  Frå 6. - 30. juni er det Vanylven bibliotek, Ulstein vidaregåande skulebibliotek, Volda vidaregåande skulebibliotek, Stordal bibliotek, Spjelkavik (filial av Ålesund bibliotek) og Sandøy bibliotek som får besøk. 

–Alt hamnar i havet

Utstillinga viser konsekvensane av plastforsøpling i havet, og målet er at folk skal få opp auga og sjå kva som skjer med naturen som følgje av store mengder med frittflytande  plast i havet.– Og ikkje minst få folk til å vere med på den store ryddedugnaden som må til om vi skal kome problemet med marin plastforsøpling til livs. Vi vil at folk tenkjer seg om og let vere å kaste frå seg plastavfall ute i naturen. Det folk kastar frå seg, hamnar til slutt i elvar, sjøen og havet, seier Koch.

Vil nå eit breitt publikum

Sjølve utstillinga har Runde Miljøsenter laga i samarbeid med renovasjonsselskapa på Sunnmøre. Formidlings- og besøkssenteret på Runde opna ei langt meir omfattande utstilling om marin plastforsøpling i midten av januar. –Dei har no laga ei mindre utstilling som utover året vil vandre frå bibliotek til bibliotek på Sunnmøre, slik at dei kan nå ut til et breiare publikum, fortel Koch.

God arena for læring

Utstillinga inneheld ein informasjonsvegg i tillegg til  brosjyre og rebus, og ein film om marin plastforsøpling laga av Norsk Polarinstitutt. –Med dette kan biblioteka være ein god arena for læring, når skoleklasser og barnehagar tar turen innom, seier Koch, som håpar at mange vil ta turen og sjå utstillinga. Ho fortel at frå hausten av kan det også være aktuelt å omfatte fleire bibliotek ved vidaregåande skolar og høgskolar. –Det kan det bli aktuelt på eit seinare tidspunkt å utvide vandreutstillinga til å gjelde folkebibliotek i Romsdal og på Nordmøre. Vandreutstillinga er utarbeidd på ein slik måte at den vil vere like aktuell om to år, fortel fylkesbiblioteksjefen.

Lågterskeltilbod

Biblioteka i Møre og Romsdal har lang erfaring når det gjeld formidling og kunnskapsdeling. –Vi er glad for å kunne tilby utstillinga om marin plastforsøpling til biblioteka på Sunnmøre. Folkebiblioteka er eit lågterskeltilbod som tilbyr tenester til alle innbyggjarane i kommunane. Vi reknar derfor med stor publikumsoppslutnad dei vekene utstillingane står i biblioteka. Det har vore god respons frå biblioteksjefane, men vi håper at fleire ser seg moglegheita av ei slik miljøutstilling, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Samarbeid

At utstillinga no kjem rundt på dei ulike biblioteka, er gjort mogeleg gjennom eit samarbeid mellom Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS (ÅRIM), Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) og Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR),  Runde Miljøsenter og fylkeskommunen ved fylkesbiblioteket. 

Bilde frå utstillinga: 

Bilde frå utstilling om plastforsøpling i havet
Bilde frå utsilling om

Bilde av spøkelsesgarn frå utstilling om marint søpppel