Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > - Visste du at vi forvaltar heile 22 ulike tilskotsordningar?

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

- Visste du at vi forvaltar heile 22 ulike tilskotsordningar?

- Kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune bidrar i samfunnsutviklinga og stimulerer til frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i både kulturlivet og folkehelsearbeidet i fylket, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. – Visste du at vi forvaltar heile 22 ulike ordningar?, fortsett ho. 

Tilskot til freda bygningar og anlegg er ein av dei 22 ordningane du kan søke på. Her er Raudstua på Gjemnesgarden i Gjemnes. 

Tilskotsordningane i kulturavdelinga dekker alle fagområde innafor kulturfeltet. Her finn du alt frå konsertstøtte til tilskot til fartøyvern og tilskot til friluftslivstiltak. På nettsidene våre www.mrfylke.no/kulturtilskot finn du meir informasjon om søknadsfristar og søknadsskjema for dei ulike tilskotsordningane. 

-Vi ønsker at endå fleire får augene opp for kva for ordningar som finst, slik at vi får fleire søkarar, avsluttar Wedlog Olsen. 

 

Oversikt over alle tilskotsordningane det er mogleg å søke på:

Tilskot til drift av frivillig verksemd
Tilskot til frivillig verksemd (prosjekttilskot)
Prosjekttilskot til frivillig, fleirkulturell verksemd
Konsertstøtte
Kunstnarstipend
Tilskot til profesjonell kunst- og kulturproduksjon
Kulturbyggmidlar
Spelemidlar til anlegg for idrett og friluftsliv
Reknes Hospitalfond
Større idrettsarrangement
Skilting og merking
Tilskot til friluftslivstiltak
Tilskot til statleg sikra friluftsområde
Tilskot til enkle friluftstiltak
Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet
Fylkeskommunale tilskot til kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verdi
Tilskot til freda bygninger og anlegg
Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet
Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg
Tilskot til fartøyvern
Arrangementsstøtte til biblioteka
Møremusikarane