Huitfeldt til Ålesund
Opplevelseskortet, som mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune står bak, har fått nasjonal merksemd. Onsdag kjem kulturminister Anniken Huitfeldt for å lære meir om ordninga.
Ålesund, Kristiansund og Molde har innført eit såkalla opplevelseskort i sine kommunar. Erfaringane er svært gode. Ei arbeidsgruppe med representantar frå forsøkskommunane, NAV og Møre og Romsdal fylkeskommune har utvikla forslag til eit felles kort for Møre og Romsdal.
Førstkommande onsdag blir ordninga presentert på ein dagskonferanse i på Rica Parken Hotel i Ålesund.
Kva er opplevelseskortet?
Opplevelseskortet er eit kort som skal gi born i familiar med låg inntekt anledning til å ta del i aktivitetar saman med andre born i lokalsamfunnet. Kortet gir tilgang til ei rekkje aktivitetar saman med ein venn, eit familiemedlem eller andre. Kortet er personleg og er gyldig i eitt år.
Oppdatert: 21.11.11
