Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Skilting og merking

"Turskiltprosjektet - det skal merkes i hele landet"

Søknadsfrist: 15.februar

Formål

Bidra til auka og trygg friluftsferdsel der folk bur og oppheld seg.

Kven kan søke?

1) Frivillige organisasjonar og foreiningar (idrettslag, speiderforeiningar, grendelag, velforeiningar, turlag osv.) registrert med organisasjonsnummer i det offentlege frivilligheitsregisteret. 

2) Interkommunale friluftsråd. 

3) Kommunar, reiselivsorganisasjonar, hytteforeningar og andre interessenter kan søke saman med ein frivillig organisasjon (kategori1) eller eit interkommunalt friluftsråd (kategori2).

Søknadsfrist

15. februar

I søknadsrunden for 2017 skal søknadene sendast inn gjennom Elektronisk Søknadssenter.

Kva kan ein få tilskot til?

Det blir gitt tilskot til innkjøp og produksjon av skilt, merking og infotavler (inkl. innfestingsmateriell / anna festemateriell) samt til informasjon knytt til tavlene og til turkort. Ein kan fåi tilskot til skilting og merking av alle typer løyper og stiar som er omtalt i Merkehåndboka.

Avgrensing

Det blir ikkje gitt støtte til prosjektering, infomateriell (utover det som er omtala over), utbetring av sjølve turruta eller til marknadsføring.

Kva for stiar/turruter prioriterast? 

  • Turruter i nærleiken av der folk bur og oppheld seg 
  • Turruter som er ferdig prosjektert (planlagt) 
  • Prosjekt som inngår i ei helheitleg plan eller strategi 
  • Turruter med plan for aktivitetstiltak/ synleggjeringstiltak 
  • Turruter med forventa stor bruk 
  • Turruter tilknytt holdeplassar/knutepunkt for kollektiv transport 
  • Samarbeidsprosjekt der fleire partar deltek 
  • Prosjekt som legg opp til dokumentasjon av bruken (elektronisk, turpostkasser eller liknande) 

Krav til kvart enkelt delprosjekt for skilting og merking

  • Merkehandboka skal følgast. 
  • Minst ein ansvarleg gjennomfører eit «skilt- og merkekurs» i regi av det nasjonale prosjektet (om ikkje han/ho kan dokumentere tilsvarande kompetanse). 
  • Det må dokumenterast korleis drift og vedlikehald skal skje minimum 10 år fram i tid frå det tidspunkt tiltaka er ferdigstilt (t.d. inngått vedlikehaldsavtale, tilvising til styrevedtak i foreninga, eller tilsvarende). 
  • Den ansvarlege organisasjonen/aktøren skal ha logo eller navn på skilt eller skiltstolpe, sjå Manual - Turskiltprosjektet.
  • Informasjonstavler og turkort knytt til turruter skal ha følgande logo-element: 1)Gjensidigestiftelsen 2)den aktuelle fylkeskommunen 3)den som har ansvar for skilting og merking knytt til den aktuelle turruta, se også Manual -Turskiltprosjektet.
  • Det må vere inngått skriftleg avtale med den (dei) berørte grunneigar(ane) før midlar vert utbetalt og tiltak kan iverksettjast (inkl avtaler med Vegvesen / kommune langs offentleg veg). Minimum varigheit på avtale må vere 10 år.
  • Skilting, merking og infotiltak (orienteringstavler med info og kart) meldast inn til den (dei) aktuelle kommunan(e) før tiltaka iverksettjast. 
  • Nye turruter, samt endringar av eksisterande, leggast inn på www.rettikartet.no (nasjonal rute database – Statens kartverk) 
  • Turforslag med utgangspunkt i ny skilting og merking skal GPS-loggast og leggast inn på morotur.no
  • Rapport må skrivast og sendast til prosjekteigar (fylkeskommunen) når turruta er ferdig merka, skilta og registrert.

Søknadsbehandling

Midlane blir fordelt av ei tildelingsgruppe med representantar frå friluftsråd, turistforeningar, Møre og Romsdal fylkeskommune v/kulturavdelinga og Gjensidigestiftelsen.

Korleis søker ein?

Søknadsskjema finn du under «turskiltprosjektet» bak denne lenka: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/Default.aspx

Rapportering

Eige rapporteringsskjema skal nyttat. Skjema finn ein i høgre marg.

Rapportering skal sendast til post@mrfylke.no.