Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Tilskot til ulike praktiske tiltak som følgje av statleg erverv av viktige friluftslivsområde. Områda kan også vere sikra gjennom varige servituttavtalar. Midlar frå Statsbudsjettet kap. 1420, post 78.

Søknadsfrist 1.februar

Formål

Medverke til å fremje friluftslivsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftsområde etter markaloven.

Kven kan søke?

Søkarar kan vere kommunar og interkommunale friluftsråd, men ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta. 

Søknadsfrist

1.februar

Avgrensing

Ein kan ikkje søkje midlar til drift av friluftslivsområde gjennom denne ordninga.

Krav til søknaden

  • Tiltaket må ligge i eit statleg sikra friluftslivsområde. Sjekk naturbase.no før du søker.
  • Søknaden må innehalde gjeldande forvaltningsplan for området og kartfesting av tiltaket. 

Søknadsbehandling

Kultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot.

Korleis søker ein?

Søknaden skal sendast inn via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter, som du finn her: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/

For å sende inn søknad må du vere registrert som brukar i systemet. Om du ikkje er registrert frå før kan du registrere deg som ny brukar her.

Rapportering

Rapportering skal også sendast inn via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter (sjå lenke i avsnittet over).