Spelemidlar
Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Kommunar, idrettslag, andelslag eller andre kan søkje om midlar til bygg og anlegg.
Det kan søkjast om stønad til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsaktivitet, og som ikkje er hefta med kommersielle interesse.
Kven kan søke?
- Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar.
- Anlegget må vere med i det prioriterte handlingsprogrammet i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet .
Kva kan det søkjast midlar til?
Det kan søkjast om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.
Minimumskostnad:
- For ordinære anlegg og rehabilitering kr 150.000.
- For ordinære nærmiljøanlegg kr. 80.000
- For nærmiljøanlegg forenkla kr 20.000.
- For kart kr 75.000.
Søknadsfrist:
- Til kommunen, kvar enkelt kommune fastset eigen frist
- Til fylkeskommunen 15. januar hvert år.
- Til departementet 15. mars.
Søknadsskjema og retningslinjer finn de på denne lenka.