Tilskot
Tilskotsmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune blir behandla administrativt etter retningsliner vedtekne av fylkeskulturutvalet. Tilskotsmidlar frå statlege ordningar blir behandla i tråd med dei retningsliner som er gitt for dei forskjellige ordningane. Når det gjeld søknadsfrister og søknadsskjema viser vi til dei forskjellige tilskotsordningane.
Rapportering, rekneskap, kontroll og utbetaling av tilskot:
For dei som søkjer generelt driftstilskot er rapportering knytt til årsmelding og rekneskap frå siste arbeidsår før søknadstidspunktet. Dette skal følgje som vedlegg til søknaden. Utbetaling av driftstilskot vil i hovudregelen skje umiddelbart etter at evnt. løyving er stadfesta (under føresetnad av at søknaden er i orden).
For andre tilskotsformer er det krav om rapport/rekneskap når det aktuelle prosjekt eller tiltak er gjennomført. Frist for dette blir fastsett i den einskilde sak. Tilskot blir normalt gitt som tilsagn, og vert ikkje utbetalt før rapport/rekneskap er motteke og godkjent. Som nemnt ovanfor blir frist for rapportering fastsett i kvar ekelt sak.Det er likevel grunn til å gjere merksam på at tilskot frå fylket i hovudregelen må brukast det året det er løyvd eller tilsagn er gitt. Budsjett- og rekneskapsføresegnene gir ikkje heimel for å overføre tilskot frå eit år til anna. 1. des. er difor sett som ein generell siste rapporteringsfrist for å kunne gjere bruk av tilsagn om tilskot.
Institusjonar og organisasjonar m.v. må gi opplysning om organisasjonsnummer for å få tilskot utbetalt.