Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Ung Kultur Møtes (UKM)

ukm, ung-kultur

Ung Kultur Møtes (UKM)

UKM er eit nettverk av små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til ei fylkesmønstring som blir arrangert kvar vår. 

Kvart fylke sender i neste omgang ca. 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim. Møre og Romsdal fylkeskommune har det overordna ansvaret for UKM i Møre og Romsdal, som blir gjennomført av Møre og Romsdal Musikkråd.

Trykk her for å sjå UKM Møre og Romsdal sine eigne nettsider. Her finn du:

  • dato og stad for lokalmønstringa i kvar kommune
  • påmeldingsskjema, der du kan melde deg på med kunstverk, film og sceneopptreden eller som ung arrangør. 
  • bilder og opptak frå årets fylkesmønstring
  • kven som er kontaktperson for UKM.

 

Virusha er ein av deltakarane som blir sendt til UKM-festivalen 2012

Om UKM

UKM er ei av landets største offentlege satsningar på ungdomskultur, og har blitt gjennomført på landsplan sidan 1987. Møre og Romsdal har vore med sidan starten.

UKM er inga konkurranse. Juryen vel ut representantar vidare på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalgte deltakarane skal spegle breidda i den lokale mønstringa. Premien for dei som går vidare er å få stå på ei enda større scene, og treffe ungdom frå andre delar av landet. Nokre får også moglegheit til å representere UKM som ambassadørar utanlands.