Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Oppreisningsordninga > Barn og unge som blei behandla for tuberkulose

Barn og unge som blei behandla for tuberkulose

Møre og Romsdal fylkeskommune har etablert ei oppreisningsordning for barn og unge som etter 23. august 1960 var innlagt, av helserådet i ei av kommunane i Møre og Romsdal, på Reknes barnesanatorium eller anna sjukehus for behandling av sjukdom med grunnlag i tuberkulose etter tuberkuloselovens § 6.

Det vil seie barn og unge som etter vedtak i helserådet oppheldt seg på ei sjukehusavdeling, eit sanatoriehjem eller kysthospital av hensyn til smittefare overfor omgivnaden.

Opphald i kommunale og private tuberkuloseheimar og liknande fell utanfor ordninga.

Kva går ordninga ut på?

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker med denne ordninga å ta eit moralsk ansvar for, og gi ei atterhaldsfri unnskyldning til personar som har vore utsatt for overgrep eller omsorgssvikt under opphald i sjukehus, medan dei tok mot behandling for sjukdom med grunnlag i tuberkulose. Oppreisningsordninga gjeld ikkje for mogleg feilbehandling.

Oppreisning kan ytast med eit maksimalt beløp på kroner 400 000 utmålt individuelt etter utvalget sitt skjønn. Det skal legges vekt på søkaren sin eigenmelding.

Oppreisning vert ikkje ytt for økonomisk tap og er heller ikkje ei vedgåing av juridisk ansvar.

Kor lenge gjeld ordninga?

Søknadsfrist 1. april 2018.

Kven behandlar søknadane?

Det er oppretta eit uavhengig utval på tre personar som skal avgjere søknadar om oppreisning. Det er også etablert eit  eige sekretariat som skal ta imot søknadene, og greie ut sakene til oppreisningsutvalet.

Korleis kan eg søkje?

Du må bruke søknadsskjemaet som ligg i høgremenyen. Skjemaet må underskrivast og sendast i vanlig post til sekretariat for oppreisningsutvalet. På grunn av personvernet skal skjemaet ikkje sendast som e-post.

Hjelp til utfylling av søknaden?

Sekretariatet vil kunne hjelpe søkjar som har behov for hjelp til utfylling av søknadsskjemaet og utforming av eigenmeldinga. Ta kontakt med sekretariatet for å avtale tid.

Kontaktpersonar

Åge Brekk Åge Brekk
Sekretariatsleiar
71 28 01 54 /
Mob. 900 99 298
Send e-post

Kontakt

Oppreisningssekretariatet
Tlf. 71 55 87 08

Besøksadresse:

1. etasje
Julsundvn. 9, Fylkeshuset i Molde

Postadresse:

Oppreisningsordninga i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset
Postboks 2500
6404  MOLDE

Dokument

Søknadsskjema
DOCX-dokument - 43,54 kB
Vedtekter
DOCX-dokument - 17,09 kB