Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tidlegare barnevernsbarn

Det er etablert ei oppreisningsordning for tidlegare barnevernsbarn som har vært utsatt for omsorgssvikt eller overgrep i institusjon som barneheim, skoleheim, spesialskole eller liknande, etter å ha blitt plassert der av ei kommune som er med i oppreisningsordninga i tida før 01.01.1993.

Plasseringar i fosterheim og private plasseringar i barne- og skoleheimar fell utanfor ordninga. 

Kven deltek i ordninga?

30 av kommunane i fylket har slutta seg til ordninga. Dette er kommunane Aukra‎, Averøy‎, Fræna‎, Giske, Gjemnes, Halsa‎, Haram, Hareid‎, Herøy, Molde, Nesset, Norddal, Rindal, Sande, Sandøy, Skodje, Smøla, Stordal‎, Sula‎, Sunndal, Surnadal‎, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein‎, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørskog‎, Ørsta og Ålesund.

Møre og Romsdal fylkeskommune administrerer ordninga på vegne av kommunane.

Kva går ordninga ut på?

Møre og Romsdal fylkeskommune og deltakarkommunane ønsker med denne ordninga å ta eit moralsk ansvar for, og gi ei atterhaldsfri unnskyldning til personar som har vore utsatt for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon etter plassering av deltakerkommunane sitt barnevern, eller forløparar til dette, i perioden fram til 1.1.1993.

Oppreisning kan ytes med eit maksimalt beløp på kroner 400 000 utmålt individuelt etter utvalget sitt skjønn. Det skal legges vesentlig vekt på søkaren si eigenmelding.

Oppreisning vert ikkje ytt for økonomisk tap.

Kor lenge gjeld ordninga?

Søknadsfrist 1. april 2018.

Kven behandlar søknadane?

Det er oppretta eit uavhengig utval på tre personar som skal avgjere søknadar om oppreisning. Det er også etablert eit  eige sekretariat som skal ta imot søknadene, og greie ut sakene til oppreisningsutvalet.

Korleis kan eg søkje?

Du må bruke søknadsskjemaet som ligg i høgremenyen. Skjemaet må underskrivast og sendast i vanlig post til sekretariat for oppreisningsutvalet. På grunn av personvernet skal skjemaet ikkje sendast som e-post.

Hjelp til utfylling av søknaden?

Sekretariatet vil kunne hjelpe søkjar som har behov for hjelp til utfylling av søknadsskjemaet og utforming av eigenmeldinga. Ta kontakt med sekretariatet for å avtale tid.

Kontaktpersonar

Åge Brekk Åge Brekk
Sekretariatsleiar
71 28 01 54 /
Mob. 900 99 298
Send e-post

Kontakt

Oppreisningssekretariatet
Tlf. 71 55 87 08

Besøksadresse:

1. etasje
Julsundvn. 9, Fylkeshuset i Molde

Postadresse:

Oppreisningsordninga i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset
Postboks 2500
6404  MOLDE

Dokument

Søknadsskjema
DOCX-dokument - 44,14 kB
Vedtekter
PDF-dokument - 186,62 kB
Brosjyre
PDF-dokument - 3,83 MB