Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Plan og analyse

7 av 10 innbyggarar i fylket har under 50 meter til naboen

Vi blir stadig meir urbane, og fleirtalet av oss har kort veg til nærmaste nabo. Tal frå SSB viser at ved inngangen til 2015  budde litt over 70 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal i tettbygde strøk. 

Les meir

Stadig fleire nye kommuneplanar i Møre og Romsdal

2015 vart nok eit år med høg aktivitet innan overordna kommuneplanlegging i Møre og Romsdal. 

Les meir

Dynamiske grafar over folketalsutviklinga frå 1986-2040

Her finn du statistikk om korleis alderssamansettinga i befolkninga har vore historisk frå 1986 til 2015, samt framskriving frå 2016 til 2040. Presentasjonen inneheld 1-årig aldersfordelt folketal for kvar av kommunane i Møre og Romsdal, Nordmøre, Romsdal, Sunnmøre, Møre og Romsdal og samla for Noreg.

Les meir

Sikring av friluftslivområde – søknader for 2016

Søknader om statlege midlar til sikring av friluftslivområde kan sendast fylkeskommunen fram til 5. februar 2016. Søknader skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Les meir

Fire sysselsette i resten av landet for kvar sysselsett i reiarlag i Herøy

Arbeidsmarknaden er sentral for å skape sterke regionar. Ein påliteleg statistikk som omhandlar sysselsetting er difor av interesse lokalt og regionalt. Korleis ein registrerer sjøfolk i sysselsettingsstatistikken har skapt diskusjon. Statistikken lyg ikkje, men fortel den heile sanninga? Vår kartlegging viser at måten offentleg statistikk vert presentert på ikkje får fram heile sanninga om vekst og verdiskaping på kysten.

Les meir

GIS-dagen 2015 markert i Molde

Den internasjonale GIS-dagen vart markert av plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal ved å halde fagdag for 35 geofagelver frå Molde videregåande skole.

Les meir

Felles løft for betre oppvekst

Fylkeskommunen og fylkesmannen har invitert alle kommunane i Møre og Romsdal til eit felles løft for å sette barn og unge sine oppvekstvilkår på dagsordenen. FNs Barnekonvensjonen står sentralt.

Les meir

Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 er lagt ut for høyring

Har du tankar om kva planar som trengst for å utvikle Møre og Romsdal dei neste fire åra? No ligg forslag til Regional planstrategi ute til høyring. Strategien summerer opp dei største utfordringane og moglegheitene, og vurderer kva planar vi treng for å møte desse.

Les meir

Kvinner mellom 25 og 39 år har høgast utdanning

Fylkesstatestikken for 2015 er klar. Noko av dei viktigaste funna er at kvinner mellom 25 og 39 år har høgast utdanning i Møre og Romsdal, at eksporten av sjømat frå fylket har auka og at nettoinnvandringa frå utlandet betyr mest for folketalsveksten.

Les meir

GisLink kartportal oppgradert til ny versjon

Fylkesmannen og fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har no lansert ein ny versjon av GisLink. I tillegg til å fungere på desktop (pc), kan brukarar opne ein versjon av GisLink på nettbrett og smarttelefon.
 
 

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Om plan- og analyseavdelinga

Plan- og analyseavdelinga sitt samfunnsoppdrag er å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Sentrale prinsipp for avdelinga sitt arbeid er system, kunnskapsgrunnlag og samordning.

Avdelinga har oppgåver innan planlaging, planrettleiing etter plan- og bygningsloven, karttenester samt statistikk og analyse. Avdelinga leiar arbeidet med regional planstrategi og fylkeskommunen sin overordna plan – Fylkesplan for Møre og Romsdal. 

I tillegg til å vere støttefunksjon for den øvste politiske og administrative leiinga og sektoravdelingane er kommunane avdelinga si viktigaste målgruppe.

The Department for Planning and Analysis