Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Plan og analyse

Plan- og analyseavdelinga skal vere ein aktiv medspelar i utviklinga av regionen Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylke er regional planmynde, jf. plan- og bygningslova. Plan- og analyseavdelinga har ansvar for og leiar arbeidet med regional planstrategi, regionale planar og regional planføresegn.

Avdelinga skal medverke til å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Styrke plansamordninga, vere plan- og prosessleiar, mellom anna i eigen organisasjon og for kommunane. Utarbeide og formidle aktuell statistikk og analyser om Møre og Romsdal, som grunnlag for politiske vedtak og for fylkeskommunen sitt arbeid.


Framleis store utfordringar innan likestilling

17 av kommunane i Møre og Romsdal er blant landets minst likestilte kommunar, medan tre er blant dei mest likestilte i 2010.

Les meir

Sterk vekst i nyetableringar

Talet på nyetableringar i Møre og Romsdal har auka med 12,4 prosent siste året, og plasserer fylket på ein sterk fjerdeplass i den fylkesviseoversikta for 2010.

Les meir

Plannettverka er aktive igjen!

I løpet av februar har det vore samlingar i alle plannettverka i Møre og Romsdal, etter vel eit års pause. Romsdal starta med samling i Fræna 1. februar, medan dei to plannettverka på Sunnmøre hadde felles samling i Volda 3. februar. Surnadal var åstad for samlinga for nordmørskommunane den 10. februar.

Les meir

Ny verdsarvpolitikk

Miljøverndepartementet har starta arbeidet med ein ny verdsarvpolitikk, og inviterer alle til å kome med synspunkt på ein eigen blogg om arbeidet.

Les meir

Den rekordhøge folketilveksten held fram

For andre året på rad sett Møre og Romsdal ny rekord i nyare tid når det gjeld folketalsauke. I løpet av 2010 auka folketalet med 2 642 personar. Det tilsvarar ein vekst på 1,1 prosent.

Les meir

Ny reguleringsplanveiledar

Miljøverndepartementet har no utarbeidd ny veiledar for utarbeiding av reguleringsplanar etter plan- og bygningslova

Les meir

Fellesmøte for fylkekommunale råd og utval

Onsdag 16. februar vart det arrangert fellesmøte for folkehelseutvalet, likestillingutvalet, rådet for likestilling av funksjonshemma og eldrerådet der temaet for dagen var universell utforming.

Les meir

Ny portal for kartdata - geoNorge versjon 3 er lansert

geoNorge er ein nasjonal nettstad for kartdata og annan geografisk stadfesta informasjon i Noreg. Søk etter, få informasjon om og tilgang til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.

Les meir

Rekord år for eksportbedriftene

Eksportbedriftene i Møre og Romsdal auka inntektene med 6,6 milliardar kroner i 2010 (+24 prosent) samanlikna med året før. Med dette kom verdien på eksporten frå Møre og Romsdal opp i 33,5 milliardar kroner, og ny rekord. Eksporten frå fastlands-Noreg enda på 333,7 milliardar kroner i 2010. Dette er ein auke på 28,7 milliardar kroner (+9,4 %).

Les meir

Stor interesse for konferansen universell utforming i sentrum

Tysdag 30. november inviterte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal til konferanse om universell utforming på Rica Seilet Hotel i Molde. Det var stor interesse for konferansen med vel 110 deltakarar.

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 25 82 80 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Ass. fylkesplansjef
71 25 82 86 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 25 82 88 /
Mob. 416 31 775
Send e-post

The Department for Planning and Analysis