Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Plan og analyse

Korleis gjere fylket attraktivt for kvinner?

Ei av Møre og Romsdal sine største utfordringar er ein ubalanse i talet på kvinner og menn. I aldersgruppa 20-39 år er det berre 90 kvinner pr 100 menn.

Les meir

Presentasjonar frå Plankonferansen 2014

Plankonferanse 2014, - felles konferanse om planlegging, bumiljø og folkehelse.  Presentasjonane frå dei faglege innlegga for dagane 4.- 6. november finn du her:

Les meir

Måleindikatorar for Fylkesplan 2013-2016 - statusrapport

I Fylkesplan for Møre og Romsdal 2013–2016 er det gjort greie for korleis planen skal gjennomførast. Ein av føresetnadane for dette er utvikling av eit måleindikatorverktøy som konkretiserer resultatmåla i planen. Det er no utarbeidd ein rapport som viser status ved planperiode start.

Les meir

Fylkesstatistikken 2014 er klar

Mindre fråfall i vidaregåande utdanning, svakare vekst i folketalet og mindre bruk av alkohol og tobakk hos ungdom er nokre av funna i den nye fylkesstatistikken.

Les meir

Bukvalitet og oppvekst – Plankonferansen 2014

Plankonferansen 2014 har bukvalitet og oppvekst som hovudtema. Temaet vil bli knytt til trafikktryggleik, planlegging for sykkel, nærmiljøkvalitetar, medverknad frå barn og unge og bustadstrategiske tiltak i bygd og by. –Vi håpar at konferansen vil nå ei brei målgruppe og ønskjer alle hjarteleg velkomne, seier Johnny Loen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir

Ny handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal

I tilknyting til arbeidet med ny senterstrukturplan, har Asplan Viak utarbeidd ein handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal fylke.

Les meir

Fleire av våre sentrumsområde er kartlagt

Kartverket oppretta i 2004 ein tilgjengelegheitsportal.  Portalen presenterer tilgjengelegheita for byer, tettstader og andre områder.

Les meir

Regional delplan for attraktive byar og tettstader på høyring

Fylkesutvalet har i sak U-69/14 vedteke å legge ut forslag til Regional delplan for attraktive byar og tettstader til høyring og offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova § 8-3. Planen skal avløyse gjeldande senterstrukturplan frå 2004 og er ei av dei prioriterte planoppgåvene i Regional planstrategi 2012-2016. Høyringsfristen er forlenga til 1. desember 2014.

Les meir

RISS 2014 – regionar på dagsorden

I år er det regionar som er gjennomgåande tema for RISS, der vi mellom anna ser nærare på kommunereforma. Det er også funne plass til artiklar som ser på kulturinfrastruktur, rekruttering og byutvikling. 

Les meir

Lågt trykk på likestilling

Kvart år kjem Statistisk sentralbyrå (SSB) med ein oppdatert utgåve av Likestillingsindeksen. Dette er dessverre ikkje eit barometer der Møre og Romsdal stikk av med bestemannsprisen. Barometeret målar snarare lågtrykk i fylket vårt. Men vi møter likevel statistikken med ein viss optimisme – i år må vel resultata ha vorte betre?

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Om plan- og analyseavdelinga

Plan- og analyseavdelinga sitt samfunnsoppdrag er å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Sentrale prinsipp for avdelinga sitt arbeid er system, kunnskapsgrunnlag og samordning.

Avdelinga har oppgåver innan planlaging, planrettleiing etter plan- og bygningsloven, karttenester samt statistikk og analyse. Avdelinga leiar arbeidet med regional planstrategi og fylkeskommunen sin overordna plan – Fylkesplan for Møre og Romsdal. 

I tillegg til å vere støttefunksjon for den øvste politiske og administrative leiinga og sektoravdelingane er kommunane avdelinga si viktigaste målgruppe.

The Department for Planning and Analysis