Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Friluftslivområde

Friluftslivområde

Fylkeskommunen har eit ansvar for allment friluftsliv og forvalting av friluftslivområde. Etter forvaltningsreforma har fylkeskommunen ei oppgåve som talsmann og vaktmann for allemannsretten, mellom anna ved å informera om allemannsretten og ivareta allmenta sine interesser gjennom handsaming av saker etter plan- og bygningslova. Friluftslivet sitt arealbehov skal sikrast gjennom tilrådingar, og om naudsynt motsegn, til kommunale planar og byggesaker. Denne oppgåva deler fylkeskommunen med fylkesmannen.

Fylkeskommunen skal motivere kommunane til å ta vare på grøntområde og markaområde og leggje til rette for friluftsliv gjennom planlegginga. Plan- og analyseavdelinga samarbeider med kommunane om å kvalitetssikre og prioritere søknader om sikring av friluftslivområde til Miljødirektoratet. Informasjon om tilskotsordningane for statleg medverknad til sikring av friluftslivområde finn du under menyen Sikring av friluftslivområde.

Plan- og analyseavdelinga skal også, i samarbeid med kommunane og friluftsråda, sørgje for at det vert utarbeidd forvaltningsplanar for sikra friluftslivområde og at oppdatert og kvalitetssikra informasjon om alle områda er tilgjengeleg i nasjonale databasar som Naturbase. Fylkeskommunen arbeider med å betra kunnskapsgrunnlaget, mellom anna gjennom samarbeid med kommunane om kartlegging og verdsetting av friluftslivområde.

Fylkeskommunen forvaltar tilskotsordningar for tiltak i sikra friluftslivområde og generelle friluftslivstiltak (stimulering og tilrettelegging for friluftsaktivitet). Ansvaret for desse postane ligg til kulturavdelinga i fylkeskommunen, og du kan lese meir om desse her.