Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kart og fagdata

Kart og fagdata

Møre og Romsdal fylkeskommune ynskjer å leggje til rette for nyttiggjøring av stadfesta (geografisk) informasjon. GisLink er ein samordna kart- og fagdatateneste til bruk i lokal og regional forvaltning og for publikum.

GisLink er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Sør-Trøndelag Fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Løysningen gir tilgang til kart og faginformasjon og grunnkarta i GisLink er landsdekkande. Gjennom tenesta får ein tilgang til geografisk informasjon frå blant anna Kartverket, Miljødirektoratet, Kystverket, NGU, NVE, Riksantikvaren, NIBIO (Norsk Institutt for bioøkonomi), Statens vegvesen, Meteorologisk institutt, samt geografiske data produsert i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Møre og Romsdal fylkeskommune har og i samarbeid med kommunane eit kulturminneatlas med ikkje-automatisk freda kulturminne i fylket. Kulturminneatlaset skal vere eit nettbasert digitalt verktøy for å kartfeste, registrere og presentere kulturminne og kulturmiljø i dei enkelte kommunane i fylket.

For elevar i grunnskolen og vidaregåande som søkjar skuleskyss er det utvikla ein teneste for å berekne avstand mellom bustad og skule. Avstanden vert utrekna etter kortaste farbare veg. For meir informasjon om tema sjå infoside til Samferdselsavdelinga eller lenke til karttenesta.


GIS-Day 2016 markert i Kristiansund

Plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal markerte i år den internasjonale GIS-dagen 16. november med å arrangere ein fagdag i samarbeid med Atlanten vidaregåande skule. 

Les meir

GIS-dagen 2015 markert i Molde

Den internasjonale GIS-dagen vart markert av plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal ved å halde fagdag for 35 geofagelver frå Molde videregåande skole.

Les meir

GisLink kartportal oppgradert til ny versjon

Fylkesmannen og fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har no lansert ein ny versjon av GisLink. I tillegg til å fungere på desktop (pc), kan brukarar opne ein versjon av GisLink på nettbrett og smarttelefon.
 
 

Les meir

Gjenreisingsbyen Kristiansund

Kristiansund by fekk i 1940 omfattande skader etter fire dagars intens bombing frå tyske jagarfly. Som eit resultat av dette er Kristiansund i dag ein av Noregs mest særeigne gjenreisingsbyar. Få personar omkom som direkte følgje av bombinga, men store delar av byen vart lagt i ruinar. Ca 800 av i alt 1300 bygningar vart heilt eller delvis øydelagt.

Les meir

Kommuneplan Herøy

Herøy kommune har lagt fram forslag til ny arealdel til offentleg høyring.

Les meir

GIS-dagen 2013

Fleire etatar samarbeider for å arrangere GIS-dagen (GIS = Geografiske informasjonssystemer) i Molde onsdag 20. november 2013, for Molde Videregåande skule.

 

Les meir

Geodataplan for Ørsta kommune til offentleg ettersyn

Ørsta kommune har lagt ut geodata-plan for 2013 til 2016 til offentleg ettersyn.

Les meir

Ny kartportal

Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer ny kartportal (GisLink) med raskare kart og fleire funksjonar.

Les meir

Turar i Møre og Romsdal på kartet

I 2011 vart portalen www.morotur.no lansert. Her kan ein finne turmål for heile familien på 4 forskjellege nivå og turtypar. Ein kan velje mellom alt frå lette fotturar til krevjande ski- og sykkelturar. I dag er det lagt inn 333 turar i heile fylket.

Les meir

16. november - Den internasjonale GIS-dagen

GIS-dagen er eitt årleg arrangement som skal fremme kunnskapen om- og forståinga for GIS (Geografisk informasjonssystem). Initiativet til arrangementet kjem frå USA og blir no arrangert i over 80 land verda over, mellom anna i Noreg. I Noreg er det også omtalt som Kartdagane.

Les meir

Kontaktpersonar

Even Tranmæl Even Tranmæl
Rådgivar
71 28 01 34 /
Mob. +4747644445
Send e-post

Kartportal

Kommunale kartportalar

Lenke til oversikt over kommunale kartportalar i  Møre og Romsdal