16. november - Den internasjonale GIS-dagen
GIS-dagen er eitt årleg arrangement som skal fremme kunnskapen om- og forståinga for GIS (Geografisk informasjonssystem). Initiativet til arrangementet kjem frå USA og blir no arrangert i over 80 land verda over, mellom anna i Noreg. I Noreg er det også omtalt som Kartdagane.
Trur du at geografi eller GIS ikkje gjeld deg fordi du er interessert i heilt andre fag? Klikk her så vil du kunne sjå ein kort video som viser korleis GIS gjeld også deg i din kvardag.
Sjå og tekst om kvifor geografi betyr noko i kvardagen
Er dette noko du har lyst til å lære meir om kan du lese på følgjande sider: kart i skolen. Kart i skolen er eit gratis webatlas som tilbyr oppdaterte norske kart. I tillegg til grunnkart finn du temakart eigna til bruk i mange fag.
I Noreg er det Statens Kartverk, Geoforum og Geomatikkbedriftenes landsforeining som er pådrivarane for arrangementet og i Noreg er det ulike arrangement i forbindelse med GIS-dagen. I 2011 blir dagen markert i Møre og Romsdal ved å vise til korleis GIS påverkar kvardagen din og kva utdanningsveger som kan føre til eit arbeid med GIS.
Ta kontakt med oss om du vil høre meir om GIS eller ønskjer at vi skal fortelje meir om muligheitene for arbeid der ein kan ta i bruk GIS-kompetanse.
Målet med GIS-dagen (geografiske informasjonssystem) er å informere om geomatikk og rekruttere til bransjen.
Oppdatert: 14.11.11
