Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kommunal planlegging

Kommunal planlegging

Fylkeskommunen skal sikre at regionale interesser vert ivaretekne i kommunal planlegging. Plan- og bygningslova slår fast at fylkeskommunen har plikt til å medverke i kommunale planprosessar, og generell plikt til å gi planfagleg rettleiing.

Rettleiing og medverknad skjer på fleire måtar; gjennom kurs og konferansar, faglege plannettverk og i regionalt planforum. Men også gjennom alminneleg saksbehandling, synfaringar og møte i konkrete saker.

Kommunane pliktar å sende enkeltsaker til høyring. Skjema for elektronisk oversending av plansaker (DIG), kan bli nytta.Fylkeskommunen sine innspel på ulike fagområde vert samordna gjennom «eit brev inn – eitt brev ut». Plan- og analyseavdelinga har ansvar for denne samordninga.

Kommuneplanar, samt reguleringsplanar med regionale konsekvensar vert rutine messig lagt fram for fylkesutvalet. Dei andre sakene vert handsama administrativt. Kommunen kan be om at fråsegner vert lagt fram for fylkesutvalet.

Fylkestinget sitt delegasjonsvedtak er å finne her.  [T-74/09]

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Kontatktpersonar

Oversikta over fylkeskommunen sine saksbehandlarar innanfor ein særskilt kommune eller eit særskilt fagområde, finn du her

Elektronisk oversending av plansaker