Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kommunalt plannettverk

Klikk på kartet for strørre bilde. 
Kva nettverk høyrer din kommune til?

Det er for tida tre regionale plannettverk i fylket: Nordmørsnettverket, Romsdalsnettverket og Sunnmørsnettverket (sjå kart over)  Dette er uformelle nettverk for planleggarar  (politikarar) og andre som er involvert i plan i regionen. Dei tre nettverka har kvar 2-3 årlege samlingar, der vertskapsrolla vekslar mellom kommunane. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit koordinerande ansvar for plannettverka og leiar nettverkssamlingane.

Forutan å vera ein sosial møteplass er plannettverka ein fagleg arena der kommunane kan utveksla erfaringar med planarbeid og gje kvarandre innspel til pågåande plansaker. Det er eit poeng å få formidla gode planeksempel og kjende utfordringar/fallgruver.

Nettverkssamlingane er også ein arena for opplæring og rettleiing i planfaglege eller planrelaterte tema. Fylkeskommunen stiller med fagkompetanse og føredragshaldarar frå eigen organisasjon og/eller andre kompetansemiljø. Tema for samlingane kan spelast inn både frå kommunane, fylkeskommunen og frå andre regionale etatar som har interesser i kommuneplanlegging. 

Kontaktpersonar

Anders Røynstrand Anders Røynstrand
Rådgivar
71 28 02 39 /
Mob. +4747419997
Send e-post

Presentasjonar frå samlingar i plannettverka

Planleggarar / plansakshandsamarar i kommunane

Kontaktinformasjon:

Planleggarar / Plansakshandsamarar
per 15.12.2016

Kalender

28. mars

Plannettverksamling Nordmørsnettverket

Aure rådhus, Aure kommune
3. april

Plannettverksamling for Romsdalsnettverket

Nesset prestegard, Nesset kommune
5. april

Plannettverksamling Sunnmørsnettverket

Melshorn Hotell, Hareid kommune