Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > 3,8 millionar til sikring av friluftslivområde

Kontaktpersonar

Anders Røynstrand Anders Røynstrand
Rådgivar
71 28 02 39 /
Mob. +4747419997
Send e-post

3,8 millionar til sikring av friluftslivområde

Miljødirektoratet har gitt tilsegn på nær 3,8 millionar kroner til sikring av friluftslivområde i Møre og Romsdal. Midlane bidreg til at både viktige opphaldsområde og utfartsparkering til populære turområde blir sikra og tilrettelagt.

Igltjønna friluftsområde, Rindal.
Foto: www.trollheimsporten.no

Fem kommunar i Møre og Romsdal har for søknadsåret 2017 fått midlar til sikring av i alt 10 friluftslivområde for allmenta. Miljødirektoratet har i alt gitt tilsegn på nesten 3,8 mill. kroner, etter at fylkeskommunen har anbefalt søknadene for direktoratet.

Midlane skal bidra til at områda blir sikra for allmenta ved at kommunen kjøper grunnen eller betalar for langvarig bruksrett. Ein betydeleg del av midlane går i tillegg til grunnleggande opparbeiding og tilrettelegging av områda.

Ein større del av midlane går til tilrettelegging av gode parkeringsplassar i viktige utfartsområde både for friluftslivet i regionen og turisme frå inn- og utland. Sunndal kommune får over 2 mill. kr til tilrettelegging av parkeringsplassar med toalettbygg i Nerdalen (innfallsport til Innerdalen og Trollheimen), på Brandstad i Øksendalen og i Trolltind hytteområde øvst i Jordalen. Sykkylven kommune får nesten 850 000 kr for å tilrettelegge parkering i områda kring Nysætervatnet. Midsund kommune får 315 000 til parkeringsplass ved det populære friluftsområdet og Stikk UT!-målet Sandan på yttersida av Midøya.

Viktige område for lokal friluftslivaktivitet får også midlar: Rindal kommune får 295 000 kr til utviding og vidareutvikling av det populære friluftsområdet rundt Igltjønna i Rindal sentrum. Ålesund kommune får vel 270 000 kr til sikring av holmane Hundsvær/Tyskholmen i Borgundfjorden og Vikholmen/Lauvholmen i Ellingsøyfjorden. I begge områda skal midlane brukast til oppgradering av brygger. Sykkylven kommune får 10 000 kr til utviding av friluftsområdet kring Straumen.

Oversikt over tildelte midlar til sikring av friluftslivområde i 2017

Kommune Område Funksjonar Tilsegn (kroner)
Midsund Sandan Utfartsparkering 315 000
Rindal Igltjønna Sentrumsnært lokalt friluftsområde med tursti, badeplass m.m. 295 000
Sunndal Brandstad Utfartsparkering med toalettbygg og gapahuk/bålplass 836 500
Sunndal Nerdalen Utfartsparkering med toalettbygg 501 000
Sunndal Trolltind Utfartsparkering med toalettbygg 703 600
Sykkylven Dravlausstølskiftet Utfartsparkering 512 000
Sykkylven Fausaskiftet Utfartsparkering 326 000
Sykkylven Straumen Lokalt friluftsområde ved vatn/elv 10 000
Ålesund Hundsvær/Tyskholmen Lokalt friluftsområde, holmar i skjergarden med gjestebrygge 135 800
Ålesund Vikholmen/Lauvholmen Lokalt friluftsområde, holmar i skjergarden med gjestebrygge 135 800

Tildelinga av midlar viser at kommunane får god økonomisk støtte til å sikre og legge til rette areal til langsiktig bruk for friluftslivet. Sikringsordninga har årlege tildelingar, og neste søknadsfrist for nye friluftsområde er 15. januar 2018.