Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Campus Kristiansund – eit lurt og klokt val

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post

Campus Kristiansund – eit lurt og klokt val

- Campus Kristiansund er smart og viktig, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, då han innleia Campuskonferansen onsdag 28. juni. Begeistringa var stor blant dei frammøtte for det ein no tenker å skape i Kristiansund.

Prosjektleiar Roland Mauseth (til v.) og Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Over 100 deltakarar frå politikk, næringsliv, forsking, utdanning og offentlig sektor var samla til oppstartskonferansen for prosjektet Campus Kristiansund.

Målet med konferansen var å få informere om prosjektet og  synleggjere nokre av dei moglegheitene eit Campus i Kristansund kan gi.

Tema på konferansen var todelt. Den første delen presenterte prosjektet, og i del to presenterte deltakarar frå næringsliv og forsking korleis ein ser for seg å bygge opp nye miljø knytt til Campuset.

Satsing på fagskole
Hovudinnleiar på konferansen var kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Han kom med nyheita om at Fagskolen i Kristiansund var blitt tildelt fire millionar kroner til å oppgradere og fornye laboratorieutstyr og maritime simulatorar, noko som vakte begeistring i salen.

Dette er ein del av den satsinga på fagskolane som ligg i Fagskolemeldinga, der ein vil løfte statusen til fagskolane og synleggjere dei som høgare yrkesretta utdanning. Føresetnaden for løyvinga er at fylkeskommunen stiller med tilsvarande sum, så samla får altså Fagskolen i Kristiansund åtte millionar ekstra til utstyr i 2017. 

Eit lurt og klokt val
Kunnskapsministeren viste også til at Regjeringa i revidert nasjonalbudsjett har løyva midlar til 60 nye studieplassar for høgskole. Han var oppteken av at vi må ha både sterke og kraftige institusjonar, men også utdanning tett kopla til lokalsamfunna. Campus Kristiansund passar godt inn i dette biletet. 

- Vi treng fleire bein å stå på i framtida, og ei satsing på kompetanse innanfor dei maritime og marine næringane er viktig. Vi må bruke innovasjonskrafta der vi er sterke frå før, sa ministeren. Han avslutta innlegget med følgande helsing; Campus Kristiansund er eit lurt og klokt val som eg støttar.

Campus - ein realitet i 2020
Prosjektleiar Roland Mauseth presenterte status for Campus Kristiansund. -Vi ønsker å skape eit Campus med felles tyngdepunkt for høgare utdanning, forsking og innovasjon på Nordmøre, sa Mauseth. Arbeidet med prosjektet starta opp like før påske, men allereie no er prosjektplan og framdriftsplan på plass. Prosjektet har mål om at Campus Kristiansund skal vere ein realitet i 2020, og kunne flytte inn i eit eige bygg i 2022.

Frå Campuskonferansen juni 2017
 
Stort oppmøte: Vel 100 deltakarar frå forskingsmiljø, næringsliv, politikk og offentlig sektor var samla til konferanse for å høyre meir om Campus Kristiansund-prosjektet. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune  
   

Eit prosjekt for heile Nordmøre
På konferansen var det engasjerte innlegg både frå akademia, næringsliv og Mørebenken. Alle med tru på prosjektet og moglegheitene eit Campus opnar for. Stikkordet er samarbeid for å bygge ny kompetanse.
- Prosjektet vil samarbeide med heile Nordmøre – og med regionar og nettverk kring oss, sa prosjektleiar Mauseth.

Lenke til presentasjonar på konferansen: