Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Fylkesplan 2017-2020 -vedtak endeleg plan

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post
Oddny Wiggen
Rådgivar
71 28 02 38 /
Mob. +4790664446
Send e-post
Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post

Dokument

Fylkesplan 2017-2020
PDF-dokument - 1,38 MB

Fylkesplan 2017-2020 -vedtak endeleg plan

Fylkesplan 2017-2020, regional plan for Møre og Romsdal vart vedtatt av fylkestinget 12. desember 2016, sak T-84/16. 

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. 

I Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 har fylkestinget prioritert å ha ein overordna regional plan, Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020. Dette gir høve til å sjå utviklinga på ulike sektorar, forvaltningsnivå og kommunar under eitt, og bringe saman aktørar frå ei rekke ulike samfunnsområde.

Struktur og innhald i revidert fylkesplan 

Fylkesplanen har tre overordna prioriteringar, tre innsatsområde og tre gjennomgåande perspektiv

Overordna prioriteringar

  • Integrering
  • Omstilling
  • Attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar

Desse er tatt inn for å få fram tydeleg kva prioriteringar som er viktigast i denne perioden (2017-2020) og for å synleggjere nokre større felles prosjekt. Dei tre overordna prioriteringane er områder der fylkeskommunen saman med kommunane og andre regionale aktørar er utfordra til å ta nye grep for å gjere fylket meir attraktivt å bu i, drive næring i og besøke. Dei konkrete samarbeidsprosjekta vil bli avgjort saman med aktuelle samarbeidspartnarar.

Innsatsområde

  • Kultur
  • Kompetanse og verdiskaping
  • Samferdsel

Innsatsområda er dei områda der fylkeskommunen har størst kompetanse og verkemidlar til å påverke den regionale utviklinga. Satsingsområda kompetanse og verdiskaping er slått saman i felles innsatsområde. Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 skal følgjast opp og konkretiserast gjennom handlingsprogram for kvart innsatsområde. Desse skal rullerast årleg.

Gjennomgåande perspektiv 

  • Barn og unge
  • Likestilling og inkludering
  • Klima og miljø

Dei gjennomgåande perspektiva er nasjo­nalt prioriterte samfunnsomsyn som fylkes­kommunen – og kommunane og statsetata­ne – skal vurdere i alle planar og tiltak. Dei gjennomgåande perspektiva skal medverke til heilskapleg planlegging og tverrfagleg ar­beid og legge grunnlag for at fylkeskommunen skal kunne vareta sentrale formål i plan- og bygningslova.

Overordna prioriteringar Fylkesplan 2017-2020

"Klikk" på bilde for større format.

Lenke til: Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020