Fylkesstatistikken 2011 presentert
Møre og Romsdal fylkeskommune har i dag publisert ”Fylkesstatistikk 2011” Fylkesstatistikken tek føre seg statistikk frå fleire område, som er sentrale for samfunnsutviklinga i fylket.
Fylkesplansjef Ole Helge Haugen presenterer Fylksstatistikk 2011. Foto: Per Vidar K. Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.
FYLKESSTATISTIKK 2011 viser at mykje gjekk bra her i fylket i 2010; folketalsveksten var rekordhøg, det var framleis vekst i innvandringa, sysselsettinga auka, det var sterk vekst i FOU-utgiftene, arbeidsløysa gjekk ned og det var færre drepne i trafikken enn på mange år. Men sjølvsagt avslører tala også utfordringar; fødselstala held fram med å gå ned, det innanlandske flytteunderskotet auka, vi har få mannlege lærarar i grunnskolen og det er sterk vekst i talet på yngre mottakarar av heimetenester i pleie og omsorg.
Av andre spennande trekk i samfunnsutviklinga kan vi nemne at kvar fjerde arbeidstakar pendlar til arbeid her i fylket, stadig fleire bur åleine, fleire bur i tettbygde strøk og vi konstaterer ein sterk auke i detaljhandelen. Dette er smakebitar av kva du kan finne i årets utgåve av FYLKESSTATISTIKK.
FYLKESSTATISTIKKEN er først og fremst meint som eit referanse- og oppslagsverk for politikarar og administrasjon i kommunane, for presse og for samfunnsinteresserte generelt.
Årets utgåve av FYLKESSTATISTIKK er meir omfattande enn nokon gong. Ta deg tid til å studere tabellane og figurane, så finn du heilt sikkert fleire spennande og interessante trekk ved fylket vårt!
Last ned bileta i artikkelen her:
Oppdatert: 10.11.11