Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > GIS-Day 2016 markert i Kristiansund

Kontaktpersonar

Even Tranmæl Even Tranmæl
Rådgivar
71 28 01 34 /
Mob. +4747644445
Send e-post

GIS-Day 2016 markert i Kristiansund

Plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal markerte i år den internasjonale GIS-dagen 16. november med å arrangere ein fagdag i samarbeid med Atlanten vidaregåande skule. 

"Klikk" på bilde for større utgåve

Ca. 20 elevar frå Geofag deltok saman med lektor Jørgen Øksenvåg.  Som innleiing fekk dei ein gjennomgang av kva GIS/geodata er og kva utdannings- og yrkesmuligheiter som finst innan fagfeltet. Desse presentasjonane vart gitt av James Holtom frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Even Tranmæl frå Møre og Romsdal Fylkeskommunen. 

Som døme på praktisk bruk av faget fekk vi deretter fleire spennande innlegg av Halgeir Dahle om Dronekartlegging/Vegvesen, av Trygve Winter-Hjelm/Fylkesmannen MR om GIS i fjellberedskap og Sven Michaelis/Kartverket om GIS og Registrering av tilgjengelegheit.

Elevane vart så sendt t ut i byen i 4 puljar for å spore opp utplasserte geo-cachepostar ved hjelp av nettbrett. Ei øving som ble leia av Sven Michaelis/ Kartverket. Elevane  gjennomførte sporing med nettbrett utan problem.

Dagen avsluttar den tradisjonelle GIS-day kaka og ein online GIS-quiz med utgangspunkt i dagens foredrag og i ortofoto frå distriktet. Ansvarlig for quiz var Sverre Steines/Kartverket. Premiar sponsa av Geoforum Møre og Romsdal gav elevane ein ekstra motivasjon til innsats. Tilbakemeldingane frå skulen var positive, og dei ser gjerne at arrangement av denne typen blir ein årviss tradisjon.

Plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal består av representantar frå Geoforum, Fylkesmannen, fylkeskommunen, Statens Vegvesen, Molde kommune og Kartverket.  

GISday-II

Takk til alle som bidrog til ei vellukka arrangement.