Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Helsetilstanden i kommunane på nett

Helsetilstanden i kommunane på nett

Ei nyoppretta nettside syner folkehelseprofilar for alle kommunane i fylket. Profilane som kjem i frå Folkehelseinstituttet syner dei store linene og er nyttige for å få oversikt over folkehelsetilstanden.Ytterligare statistikk får ein i frå Kommunehelsa statistikkbank og frå fylkeskommunen, og no er alt samla på ei  nettside.

Ny nettside folkehelsetilstanden i kommunane

Folkehelselova sett krav om at ein skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorar som kan virke inn på denne.  Oversiktsarbeidet vil kontinuerlig verte utvikla, og skal vere med på å bidra til at kommunane får eit godt grunnlag for vidare planarbeid og iverksetting av tiltak for å møte utfordringane.

Den nye folkehelselova skal bidra til eit samfunn som fremjar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar. Lovteksta finn du her: Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova)

Besøk den nye nettsida på www.mrfylke.no/folkehelsestatistikk

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 25 89 10 /
Mob. 953 38 348
Send e-post
Sigrunn Myklebust
Rådgivar
70 25 82 81 /
Mob. 950 65 644
Send e-post