Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Kommunestatistikk for 2017 er publisert

Kontaktpersonar

Torbjørn Digernes Jakobsen Torbjørn Digernes Jakobsen
Rådgivar
71 28 02 37 /
Mob. +4740649388
Send e-post
Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. +4798611002
Send e-post

Kommunestatistikk for 2017 er publisert

Årets utgåve av Kommunestatistikk for alle kommunar i Møre og Romsdal er no klar. For å vere relevant i kommunane sine budsjettprosessar, har vi i år valt å publisere statistikken i mai i staden for mot slutten av året. 

Målet med kommunestatistikken er å formidle oppdatert og relevant statistikk, som kommunane kan bruke i planarbeidet sitt.

–Innspela vi har fått gjer at vi trur dette er riktig, sjølv om det inneber at nokre få grafar ikkje er oppdatert med tal frå 2016. Desse grafane vil vi oppdatere i etterkant av at SSB offentleggjer tala. Truleg rett over sommaren, seier Torbjørn Digernes Jakobsen som er rådgivar ved plan- og analyseavdeilinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Oppdatert og tilrettelagt for kvar kommune

Formålet med kommunestatistikken er å ha oppdatert og tilrettelagt informasjon om utvalte utviklingstrekk i dei enkelte kommunane i Møre og Romsdal. Kommunestatistikk 2017 skal gi kvar enkelt kommune i Møre og Romsdal eit godt innblikk i korleis utviklinga er i eigen kommune innan sentrale samfunnsområder som til dømes; demografi, næringsstruktur og sysselsetting, utdanning, folkehelse og bustadbygging. Kommunestatistikk er meint som eit supplement til Fylkesstatistikk. Det er sjuande året på rad at Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidar ein statistikkpakke særleg retta mot kommunane i fylket.

Statistikkpakken er spesielt utvikla med tanke på kommunane sitt planarbeid, men at det og vil vere eit godt verktøy for både media, politikarar, studentar og andre som ønsker statistikkar og oppdatert informasjon om dei ulike kommunane i fylket.

–I statistikkpakka finn du mellom anna kart over befolkningsutvikling i fylket, folketalsutvikling i kommunen, befolkningsframskrivingar, utdanningsnivå i kommunen, sysselsette etter næring (også fordelt på kjønn), hovudstraumar innan inn- og utpendling, sysselsette etter sektor og næring, næringsstruktur og mykje anna spennande, seier Jakobsen. Statistikken er innhenta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kommunestatistikk for 2017 finn du på:
http://mrfylke.no/kommunestatistikk