Konferanse om universell utforming
Møre og Romsdal er utpeikt som pilotfylke i Miljøverndepartementet sin satsing på universell utforming. 30. november arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal dagskonferanse om temaet.
Tidspunkt: 30. november 2011, Scandic hotell, Ålesund kl. 10-16
På konferansen blir det sett søkjelys på universell utforming av friluftsliv, folkehelse og byrom. Vi har fått fleire spennande namn på programmet, mellom anna Terje Devold frå 62 grader nord, Liv Møller-Christensen, høgskulelektor ved Høgskulen i Ålesund og Axel Sømme frå Arkitektgruppen Cubus.
Under konferansen blir det delt ut pris til den best universelt utforma tursti/veg eller løypa i Møre og Romsdal, og det best universelt utforma byrommet.
Målet med konferansen er å legge til rette for kompetanseutvikling og skape ein møtestad for dei som arbeider med universell utforming.
Program:
- 10:00-10:15 Opning av konferansen v/ Willy Loftheim, ass. Fylkesrådmann ved Møre og Romsdal fylkeskommune
- 10:15-11:00 “Tilgjengelig for alle overalt?” v/ Terje Devold, 62 grader nord
- 11:00-11:30 “Universell utforming av turområder – døme frå Ålesund” v/ Arne Neumann og Kathrin Elisabeth Kobbevik, Ålesund kommune. Geir Haugli, Friluftsrådet for Ålesund og omegn.
- 11:30-11:45 Prisutdeling – beste universelt utformede tursti/ -veg/ - løype 2011 v/ Leif Eide, Rådet for likestilling av funksjonshemma
- 11:45-12:45 Formiddagsmat
- 12:45-13:15 “Folkehelse og universell utforming” v/ Svein Neerland, folkehelsekoordinator ved Møre og Romsdal fylkeskommune
- 13:15-14:00 Byrom i Ålesund: Jugendstil og universell utforming v/Liv Møller-Christensen, høgskolelektor, Høgskolen i Ålesund
- 14:00-14:15 Pause
- 14:15-15:00 Universell utforming i gode byrom (foreløpig tittel) Axel Sømme, Arkitektgruppen Cubus
- 15:00-15:45 Prisutdeling og presentasjonar – beste universelt utformede byrommet 2011 v/ Arne-dag Gjerde, overingeniør ved Møre og Romsdal fylkeskommune
- 15:45-16:00 Oppsummering – vel heim
Oppdatert: 09.11.11
