Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Korleis får vi fleire kvinner i leiarposisjonar?

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post

Korleis får vi fleire kvinner i leiarposisjonar?

I dag er berre 33 prosent av dei som har leiarstillingar i Møre og Romsdal kvinner. Landsgjennomsnittet er 35 prosent. Ser vi på kvinner i næringslivet, er kvinnedelen enda lågare. 

Kvinner utgjer berre 15 prosent av dei som er dagelege leiarar i aksjeselskap i Møre og Romsdal 

Kvinner utgjer berre 15 prosent av dei som er dagelege leiarar i aksjeselskap i Møre og Romsdal og 12 prosent av styreleiarane i aksjeselskap.

Kva påverkar kjønnsfordelinga?

Møre og Romsdal fylkeskommune og næringsaktørar i fylket ønsker no å få betre kunnskap om kjønnsfordeling blant leiarar i Møre og Romsdal, og kva som påverkar dette. Møreforsking er derfor hyra inn for å gjennomføre ei spørjeundersøking retta mot dei største private og offentlege verksemdene i fylket. Spørjeskjemaet blir sendt ut på e-post denne veka.

Kva blir gjort for å rekruttere kvinner?

-Vi ønsker å finne ut meir om kjønnsfordelinga på ulike leiarnivå, på nyrekrutterte leiarar, og om det blir gjort spesielle tiltak for å rekruttere kvinner til leiarposisjonar, seier assisterande fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.  Spørjeskjemaet går til personal-/HR-ansvarleg i verksemdene. Dette er ei viktig målgruppe for kunnskap om rekruttering av kvinner.

Prioriterte tiltak

Resultata frå undersøkinga vil bli brukt som grunnlag for å prioritere fylkeskommunen sine tiltak på likestillingsområdet. Undersøkinga vil også gi næringslivet og offentleg sektor eit kunnskapsgrunnlag for deira rekrutterings- og arbeidsgivarpolitikk.

–Det er viktig både for samfunnet og for næringslivet i fylket at vi greier å trekke til oss unge kvinner, som no utgjer eit klart fleirtal av dei som går på høgskolar og universitet. Fylket treng kvinnene sin kompetanse og kvinnelege leiartalent, avsluttar Bekken Sjåholm. 

Graf som viser utvikling av talet på kvinnelege leiarar i perioden 2009 - 2015