Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Ny rettleiar for kommunal planstrategi

Ny rettleiar for kommunal planstrategi

Ein ny rettleiar for arbeidet med kommunal planstrategi er no utgjeve av Miljøverndepartementet. Rettleiaren utdjuper lovkommentaren til plan- og bygningslova og gjev rettleiing i korleis ein kommunal planstrategi kan utarbeidast etter bestemmingane i § 10-1 i lova.

Rettleiaren innleier med å vise til kommunal planstrategi som verktøy for betre kommunal planlegging, gjennom behovsstyrt planlegging, politisk prioritering av planoppgåver og betre samarbeid om planoppgåver på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Det vert samstundes påpeikt at kommunal planstrategi ikkje er ein plan. Den er såleis ikkje ein arena for å vedta mål og strategiar, men for å drøfta utviklingstrekk som grunnlag for å vurdera planbehov. Planstrategien er retningsgivande for kommunen si planlegging, men har ikkje direkte rettsverknad.

Rettleiaren gjev ein gjennomgang av lovgrunnlaget og forholdet til nasjonale forventningar og regional (fylkeskommunal) planlegging. Eit viktig tema er også samordning med kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel og evt. planprogram for revisjon av desse. Siste del av rettleiaren er konsentrert om den praktiske prosessen med utarbeiding av og medverknad til kommunal planstrategi.

Rettleiaren er utarbeidd av Asplan Viak og Miljøverndepartementet, og vil bli oppdatert og supplert etter behov. Departementet viser elles til ny rettleiar for samfunnsdelen av kommuneplanen, som vil bli utgjeve med det første.

 Rettleiar kommunal planstrategi (MD) okt 2011

Kontaktpersonar

Anders Røynstrand Anders Røynstrand
Rådgivar
71 25 82 90 /
Mob. 474 19 997
Send e-post

Dokument

Rettleiar_kommunal_planstrategi_MD
PDF-dokument - 712,47 kB