Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Ny utgåve av Kommunestatistikk på nett

Kontaktpersonar

Torbjørn Digernes Jakobsen Torbjørn Digernes Jakobsen
Rådgivar
71 28 02 37 /
Mob. +4740649388
Send e-post
Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. +4798611002
Send e-post
Sigrunn Myklebust Sigrunn Myklebust
Rådgivar
71 28 02 42 /
Mob. +4795065644
Send e-post

Ny utgåve av Kommunestatistikk på nett

Kommunestatistikk er ein statistikkpakke som både skal dokumentere og framheve utviklingstrekka for kvar enkelt kommune i Møre og Romsdal. 

kommunestatistikk logo

Desse utviklingstrekka blir sett inn i eit regionalt perspektiv, og Kommunestatistikk er meint som eit supplement til Fylkesstatistikk. Det er sjette året på rad at Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidar ein statistikkpakke særleg retta mot kommunane i fylket. 

Kommunestatistikken skal gi kvar enkelt kommune eit godt innblikk i korleis utviklinga er i eigen kommune innan sentrale samfunnsområder som til dømes; demografi, næringsstruktur og sysselsetting, utdanning, folkehelse og bustadbygging. Ein del statistikk er relativt sjølvforklarande, medan andre må sjåast i samanheng med utviklinga i nabokommunane eller i eit regionalt perspektiv. Dette er særleg innan befolkningsutvikling og sysselsetting.

 - Formålet med kommunestatistikken er å ha oppdatert og tilrettelagt informasjon om utvalte utviklingstrekk i dei enkelte kommunane i Møre og Romsdal. Statistikkpakken er spesielt utvikla med tanke på kommunane sitt planarbeid, men at det og vil vere eit godt verkty for både media, politikarar, studentar og andre som ønskjer statistikkar og oppdatert informasjon om dei ulike kommunane i fylket.

Lenke til Kommunestatistikk. 

I statistikkpakka finn du mellom anna kart over befolkningsutvikling i fylket, folketalsutvikling i kommunen, befolkningsframskrivingar, utdanningsnivå i kommunen, sysselsette etter næring (også fordelt på kjønn), hovudstraumar innan inn- og utpendling, pendling fordelt på næring, sysselsette etter sektor og næring, næringsstruktur og mykje anna spennande, gjerne fordelt på kommune, region, fylke og landet. Statistikken er innhenta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB). 

Ta gjerne kontakt på  e-postadressa: statistikk@mrfylke.no om du har spørsmål eller ønsker supplerande tal.