Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Omfanget av reguleringsplanar viser stor aktivitet i kommunane trass "oljenedturen"

Kontaktpersonar

Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Omfanget av reguleringsplanar viser stor aktivitet i kommunane trass "oljenedturen"

Talet på reguleringsprosessar i kommunane fortel noko om den generelle byggeaktiviteten. Det er derfor ingen stor overrasking at reguleringsaktiviteten har gått ned ettersom oljenedturen starta.

 I 2015 var 146 reguleringsprosessar varsla igangsett i fylket, medan dette talet i perioden 2010-2013 låg mellom 207 og 225 oppstarta planarbeid. 2014 var eit mellomår med 180. Talet på planar som har vore til offentleg ettersyn i desse åra er tilsvarande redusert.

Reguleringsprosessar tar ofte lang tid, og fylkes­kommunen har ikkje oversikt over kva prosessar som er lagt til side, og heller ikkje i kva grad ved­tekne reguleringsplanar er realiserte i fysisk utbygging. Dei fleste reguler­ings­prosessane er sett igang av private, men krev likevel mykje ressursbruk i kommunane.

Det er derfor verd å merke seg at tala for 2016 viser ein svak oppgang til 167 oppstarta reguleringsplanar. Dette skjer trass i at kommunane også har brukt store ressursar i arbeidet med kommunereforma og i tillegg er plikta å utarbeide kommunale planstrategiar det første året etter eit kommuneval.