Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Presentasjonar frå regional plankonferanse

Kontaktpersonar

Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post
Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post

Presentasjonar frå regional plankonferanse

17. til 18. oktober arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune, i lag med Fylkesmannen i Møre og Romsdal regional plankonferanse på Alexandra hotell i Molde. Det var nærare 130 personar tilstades på dei to dagane.

Barnetråkk i Giske kommune v/Torill Valderhaug folkehelsekoordinator
Foto: Ingunn Bekken Sjåholm

Vi er nøgd med oppmøte frå kommunane og spesielt nøgd med at det var fleire av dei private aktørane som var tilstades. Med foredragshaldarar frå både inn- og utland vart det dukka ned i tema innanfor miljø og naturmangfald, samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, universell utforming og fleire spennande eksemplar på medverknadsprosessar i planlegginga.

Dag ein fikk ein nydeleg avslutning med omvising og minikonsert med Beate Mordal og Nicolás Royez på Krona på Romsdalsmuseet.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil takke alle som deltok og bidro til to lærerike og innhaldsrike dagar. Nedanfor finn ein som avtalt presentasjonane frå konferansen.

17. oktober

Nytt frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet
v/Bjørn Casper Horgen, KMD planavdelinga, avdelingsdirektør for kommunal – og arealseksjonen

Å setje mennesket i sentrum: ein introduksjon til korleis ein kan byggje gode lokalsamfunn
v/Hilde Evensmo, samfunnsgeograf, CITITEK

Naturmangfaldlova
v/Maria Aastum, rådgivar, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

KU/naturmangfaldlov/planprogram
v/Hilde Marie Prestvik, ansvarleg for planprosess, Statens Vegvesen

Universell utforming og samordna bustad-, areal- og transportplanlegging
v/Anne Helene Midtveit, parkforvalter, Hamar kommune

Haugalandsplanen - regional bustad-, areal og transportplan
v/Bernt Østnor, rådgivar, Rogaland fylkeskommune

Erfaringar frå arbeidet med lokal bustad-, areal og transportplan
v/Liv Kjersti Finholt, koordinator plan, Ålesund kommune
Marit Elisabeth Larsen, rådmann, Giske kommune

18. oktober

Effektar av klimaendringar i Noreg
v/Hege Hisdal, klimarådgivar, Norsk Klimaservicesenter (KSS) og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Kvifor får vi naturulykker? Ein gjennomgang av samanhengen mellom arealplanlegging og naturskadehendingar
v/Halvor Dannevig, forsker PhD, Vestlandsforsking

Samarbeid om handtering av flom og vann på avveie
v/Steinar Myrabø, hydrolog, Norconsult AS

Tettare saman. Stadutvikling i Iveland kommune.
v/Gro Anita Mykjåland, ordførar, Iveland kommune

Erfaringar med kommuneplan for Volda i eit medverknadsperspektiv
v/Regine Aklestad, planleggar, Volda kommune

Barnetråkk i Giske
v/Torill Valderhaug, folkehelsekoordinator, Giske kommune

Medverknadsaspektet i kommunekartlegginga retta mot barn og unge sine oppvekstvilkår
v/Anne Grete Kleven, masterstudent Høgskolen i Lillehammer