Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Pressekonferanse om fylkesstatistikk

Pressekonferanse om fylkesstatistikk

Vi inviterer til pressekonferanse om fylkesstatistikken 2011 på fylkeshuset torsdag 27. oktober klokka 10.

Fylkesplansjef Ole Helge Hauge presenterer Fylkestatistikk 2011

Fylkesplansjef Ole Helge Hauge presenterer Fylkestatistikk 2011

  • Stad:   Fylkeshuset i Molde
  • Tid:     Torsdag 27. oktober kl 10.00   
  • Rom:   Rom 111, 1. høgda

 

Fylkesplansjef Ole Helge Haugen legg fram det årlege statistikkheftet for Møre og Romsdal som i år er meir omfattande enn nokon gong tidlegare. Her blir spanande trekk ved samfunnsutviklinga i fylket presentert, mellom anna med ei grundig analyse av folketalsutviklinga i kommunane og korleis befolkningsamansettinga endrar seg.

 Andre tema i Fylkesstatistikk 2011:

  • Sysselsetting
  • Nyetableringar
  • Eksport
  • Pendling
  • Bustadmarknaden
  • Samferdsel m.m.

Fylkesstatistikken er meint som eit verkty for kommunane, næringslivet og media, samt andre som har behov for oppdatert statistikk. Statistikken er presentert med omtale, analyse og grafiske framstillingar, og er dermed ein oversiktleg og lettlesen presentasjon av sentrale utviklingstrekk i Møre og Romsdal. Fylkesstatistikken er utarbeidd av Møre og Romsdal Fylkeskommune.
 

Vi ynskjer velkommen til sveler og statistikk – vel møtt!

Les meir om Fylkesstatistikk:

http://mrfylke.no/fylkesstatistikk

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 25 82 80 /
Mob. 996 28 055
Send e-post