Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Stor auke i arbeidsløysa siste året

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post
Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post

Stor auke i arbeidsløysa siste året

Fylkesstatistikken for 2016 er klar. Nokre av dei viktigaste funna er nedgangen i talet på sysselsette, at vi framleis har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad og at det er ein lågare vekst i folketalet her i fylket. 

Fylkesstatistikk er meint som eit kunnskapsgrunnlag for politikarar, kommunar og andre samfunnsaktørar i fylket. I dag vart den nye statistikken presentert av fylkesplansjef Ole Helge Haugen under fylkestingssamlinga i Geiranger.

Fylkesstatistikken ser både på korleis utviklinga er, og har vore. Dette gir ein peikepinn på den vidare utviklinga. – I årets statistikk er det nok næringsutvikling og folketalsutvikling som er mest spennande, seier Haugen.

– Møre og Romsdal har i lang tid vore eit fylke med låg arbeidsløyse. Slik er det ikkje lenger, seier fylkesplansjefen. Han seier at det er stor variasjon mellom kommunane, der Kristiansund og Hareid har den høgaste delen arbeidsledige. –Det er ytre som slit mest, medan vi ser at til dømes indre Nordmøre har vekst.

Heftet på 82 sider inneheld eit breitt utval av statistikk knytt til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Her kan du sjå korleis eigen kommune klarar seg i forhold til naboen og korleis fylket står i forhold til resten av landet. Her finn du statistikk om demografi, pendling, arbeidsmarknad, sysselsetting og næringsliv, eksport, kultur, utdanning og kompetanse, samferdsel, helse, likestilling og mykje meir.

Fylkesstatistikken kan du laste ned elektronisk her: mrfylke.no/fylkesstatistikk