Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Sysselsetting, arbeidsløyse og folketalsutvikling

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post

Sysselsetting, arbeidsløyse og folketalsutvikling

Berre det siste året har vi i Møre og Romsdal mista nærare 1 000 arbeidsplassar, men kanskje ikkje der du trur? Fram til 2014 var kommunane ytst mot kysten som opplevde vekst,  no er det i indre og nordlege deler av fylket det veks mest. Korleis påverkar dette arbeidsløysa og folketalsutviklinga i dei ulike regionane?

Medan det er nedgang i indistri og oljeretta næringar, ser vi vekst innafor fiskeri og havbruk, skriv Haugen.

Illustrasjonsfoto: pixabay.com

Ved utgangen av 2016 var det i underkant av 127 000 sysselsette her i fylket. Eit år tidligare var det nesten 128 000, så siste året har om lag 850 arbeidsplassar i fylket forsvunne.

Tapte arbeidsplassar

I 2015 mista vi endå fleire arbeidsplassar. Veksten i sysselsettinga snudde allereie i 2014 her i fylket, men grunna omlegging av måten SSB registrerer sysselsetting på er ikkje tala frå 2014 og tidligare direkte samanliknbare med tal for 2015 og 2016. I 2014 var det registrert nesten 132 000 sysselsette i fylket med den metoden ein då brukte til registrering. Samanlikna med tala for 2015/16 er det ei viss «over-registrering» i desse tala.

Nedgangen er størst i industri og oljeretta næringar, medan vi ser vekst i industriverksemd som ikkje er oljeavhengig, innanfor fiskeri og havbruk og i enkelte tenesteytande næringar. Det er ikkje berre mellom bransjar og næringar det er ulik utvikling, også geografisk er det store variasjonar, og utviklinga dei siste to åra er svært ulik den vi såg i åra før.

Sysselsetting  og arbeidsløyse

Utvikling i arbeidsløyse blir ofte tolka som ein direkte konsekvens av utvikling i sysselsetting. Vi skal likevel være merksam på at i ein «stram» arbeidsmarknad, vil ikkje arbeidsløysa stige tilsvarande nedgang i sysselsettinga, då det er andre jobbar å finne. Ein «stram arbeidsmarknad» har vi når arbeidsløysa over tid har vore svært låg, og etterspurnaden etter arbeidskraft er større enn tilgangen. Arbeidsmarknad blir her bruk både om ein geografisk avgrensa marknad eller ein marknad avgrensa av bransje/næring. Ei samanlikning av utvikling i arbeidsløyse kan derfor gi eit skeivt bilde av utviklinga i arbeidsmarknaden.

Arbeidsmarknadsregionar

Vi opererer ofte med kommunar som eining når vi ser på utvikling i arbeidsmarknaden. Eg tek i denne gjennomgangen utgangspunkt i bu- og arbeidsmarknadsregionar, det vil seie kommunar der pendlinga er så stor, og avstandane så små, at dei blir rekna som ein samanhengande arbeidsmarknad. Det blir altså referert til desse regionane, og ikkje enkeltkommunar, sjølv om nemninga ofte er lik den største kommunen i kvar region

Søre Sunnmøre hardast råka

Målt både i prosent og tal, er det Ulstein som er hardast råka. Dei har mista over 700 arbeidsplassar eller nesten seks prosent på eitt år. I tillegg er det ein svakheit i statistikken at sjøfolk på båtar registrert i desse kommunane som bur i andre kommunar ikkje kjem med i desse tala. Det er derfor trygt å seie at nedgangen i arbeidsplassar med «base» i denne regionen er større enn statistikken viser når vi veit korleis det har gått med dei mange offshore-reiarlaga i regionen. 

Også for bu- og arbeidsmarknadsregion Kristiansund er tala dystre. Med ein nedgang på 3,6 prosent, ligg dei langt over fylket samla. Her er det nedgangen i Kristiansund kommune som pregar tala, både Averøy og Tingvoll har ei langt meir positiv utvikling. Utviklinga i talet ledige viser at også dette er ein mindre «stram» arbeidsmarknad enn andre store arbeidsmarknadsregionar, og nedgang i sysselsetting rammar ekstra hardt.

I Romsdal har nedgangen i sysselsetting vore stor, ja faktisk større målt i prosent enn i dei to andre fogderia. Årsaken til dette er at det har vore nedgang i stort sett alle kommunar i Romsdal, mens det har vore ei positiv utvikling på heile Nordmøre utanom Kristiansund. På Sunnmøre er det motsett, by-regionen dreg tala opp, medan Søre-Sunnmøre trekker tala ned.

Dette viser at næringsstruktur er viktigare enn befolkningsstruktur når ein får ein nedgang som er sterkt knytt til ein sektor.

Vekst på heile Nordmøre utanom Kristiansund

Vi ser no ei utvikling som geografisk nærmast er det motsette av det vi har sett tidligare. Dei store arbeidsmarknadene rundt byane, med unntak av Ålesund,  og ute ved kysten er hardast ramma av nedgangen, medan dei mindre arbeidsmarknadane litt lenger inne i landet, og nord i fylket opplever vekst.

Smøla toppar lista med ein vekst på over 5 prosent berre siste året. Kommunane på indre Nordmøre har ein vekst på over tre prosent siste år ein, og har dei siste to åra hatt ein jamn vekst.

Dette har sjølvsagt med næringsstruktur å gjere, men er og eit bilde på at desse områda no har hatt betre tilgang på arbeidskraft, noko som har hemma veksten tidligare. Når det er kamp om arbeidskrafta mellom regionane, vinn by-regionane jamt over den kampen.

Den største bu- og arbeidsmarknadsregionen i fylket, Ålesund  har ein svak vekst i talet på arbeidsplassar etter ein nedgang frå 2014 til 2015. Her er det særleg Ålesund kommune som dreg opp tala, medan industrikommunen Haram har ein nedgang på linje med Kristiansund.

Fogderi

Sjølv om bu- og arbeidsmarknadsregionane bryt med dei klassiske fogderigrensene med Eide og Gjemnes som er ein del av Molde, viser tala følgande utvikling: Frå 4. kvartal 2015 til tilsvarande kvartal i 2016 er det eit samla Sunnmøre som kjem best ut med ein nedgang i arbeidsplassar tilsvarande 0,2 prosent. For Nordmøre, utan Eide og Gjemnes, viser tala ein nedgang på 0,6 prosent, og for Romsdal heile 1,8 prosent. På Sunnmøre ser vi eit delt bilde der Ålesund og kommunane rundt har ei relativt positiv utvikling, medan Søre-Sunnmøre er dei som er hardast ramma av nedgangstidene. I Romsdal er bildet meir likt, med svak utvikling i heile regionen. På Nordmøre er det Kristiansund som har nedgang, medan det er vesentleg meir positiv utvikling i resten av regionen.    

Sysselsetting og folketal

Den historisk sterke folketalsveksten vi har sett i Møre og Romsdal dei siste 10 åra kan i hovudsak forklarast med arbeidsinnvandring. Arbeidsinnvandring blir i større grad påverka av endringar i sysselsetting enn fødselsoverskot og innanlandsk flytting, dei andre faktorane i folketalsutviklinga. For Møre og Romsdal betyr dette at vi allereie no ser eit markant fall i folketalsveksten, noko som langt på veg kan forklarast med eit tilsvarande fall i innvandringa.

Arbeidsinnvandringa påverkar også alderssamansetninga i befolkninga positivt.  Med ei sterkt redusert arbeidsinnvandring vil forsørgarbyrda, tal yrkesaktive per pensjonist, auke gjennom ei   raskare aldring av befolkninga.

Botnen er nådd?

Det er teikn som tydar på at botnen no er nådd når det gjeld sysselsetting. Det er ei viss optimisme innafor den mest oljeavhengige delen av næringslivet og enkelte aktørar har lykkast med ei omstilling frå olje over til andre sektorar. Det ser også ut som veksten held fram innafor marin sektor, og verket på Sunndalsøra melder om rekordresultat. Reiseliv og andre servicenæringar melder om gode utsikter. Klarer vi i tillegg å få vår del av statlege arbeidsplassar, bør det være håp om å snu nedgangen til ein svak vekst dei næraste åra.

Vi må likevel forvente ein svekka befolkningsvekst dei neste åra, ja kanskje til og med nedgang i enkelte kvartal, slik vi såg det i 1. kvartal 2016. Nedturen i arbeidsmarkanden i Møre og Romsdal vil altså få verknader som varer utover den perioden der pilene peika nedover når det gjaldt arbeidsplassar. Ein svak vekst i sysselsettinga er ikkje nok til at vi ikkje må revidere framskrivingane når det gjeld folketalsutvikling. Det skal ein sterk vekst over lengre tid til, før vi er tilbake på den trenden som dagens framskrivingar er basert på.

Bu- og arbeidsmarknadsregion Kommunar
Molde Molde, Vestnes, Nesset, Midsund,  Aukra, Fræna, Eide, Gjemnes
Kristiansund Kristiansund, Averøy, Tingvoll
Ålesund Ålesund, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske, Haram, Ørskog
Vanylven Vanylven,
Ulstein Ulstein, Sande, Herøy, Hareid
Ørsta/Volda Volda, Ørsta
Norddal/Stranda Norddal, Stranda
Rauma Rauma,
Sandøy Sandøy
Sunndal Sunndal
Surnadal Surnadal, Rindal, Halsa
Aure Aure
Smøla Smøla
Bu- og arbeidsmarknadsregionar i Møre og Romsdal                                 
73 Molde 1502 Molde
  1535 Vestnes
  1543 Nesset
  1545 Midsund
  1547 Aukra
  1548 Fræna
  1551 Eide
  1557 Gjemnes
74 Kristiansund 1505 Kristiansund
  1554 Averøy
  1560 Tingvoll
75 Ålesund 1504 Ålesund
  1526 Stordal
  1528 Sykkylven
  1529 Skodje
  1531 Sula
  1532 Giske
  1534 Haram
  1523 Ørskog
76 Vanylven 1511 Vanylven
77 Ulstein 1514 Sande
  1515 Herøy
  1516 Ulstein
  1517 Hareid
78 Ørsta/Volda 1519 Volda
  1520 Ørsta
79 Norddal/Stranda 1524 Norddal
  1525 Stranda
80 Rauma 1539 Rauma
 81 Sandøy 1546 Sandøy
82 Sunndal 1563 Sunndal
83 Surnadal 1566 Surnadal
  1567 Rindal
  1571 Halsa
84 Aure 1576 Aure
85 Smøla 1573 Smøla