Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Prosjekt Campus Kristiansund

Prosjekt Campus Kristiansund

Campus Kristiansund er eit samarbeidsprosjekt for å etablere ein campus for høgare utdanning, forsking og innovasjon i Kristiansund sentrum. Deltakarar er Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Prosjektet er under etablering og skal være i gang omkring påske 2017. Møre og Romsdal fylkeskommune har teke på seg ansvaret for prosjektgjennomføring og har engasjert Roland Mauseth som prosjektleiar.

Dette er ei førebels nettside for prosjektet. Campus Kristiansund vil få ei eiga nettside seinare i år, men adressa kan du merke deg alt no – www.campusksu.no.

Om prosjektet
Campus Kristiansund får ein fagleg profil der dei ulike tilboda og funksjonane er spissa inn mot vekstnæringar der bedrifter på Nordmøre har stor kompetanse og ligg langt framme, og der Nordmøre har føresetnad for å ta ein posisjon. Dei faglege satsingsområda vil bli utvikla undervegs i prosjektet. Så langt har ein identifisert desse områda:

  • Marin bioprosessering, t.d. algeindustri, tang og taredyrking
  • Marin og maritim logistikk, t.d. undervannsteknologi
  • Helseinnovasjon – ny teknologi og arbeidsmetodar i helsesektoren

Den ferdige campusen skal innehalde:

  • Eit breitt høgskuletilbod innanfor campusen sin faglege profil, der Høgskolen i Molde (HiM) er peika på som naturleg hovudsamarbeidspartnar. Andre leverandørar av høgare utdanning er og velkomne til å gi studietilbod på campus.
  • Eit breitt næringsretta forskingsmiljø med vekt på dei faglege satsingsområda
  • Ein kunnskapspark med innovasjon- og utviklingsfunksjonar for næringslivet
  • Fagskoletilbod med vekt på dei faglege satsingsområda for Campus Kristiansund

Meir om idéen bak prosjektet kan du lese her.

Kontaktinformasjon:
Prosjektleiar Roland Mauseth, e-post roland.mauseth@mrfylke.no, mobil 917 21 401

Heimeside: www.campusksu.no

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post

Bakgrunn

Idéen bak prosjektet

- Campus Kristiansund